Ein bebuar ved Vindafjordtunet døydde fredag, etter å ha blitt smitta av covid 19. I helga har fleire bebuarar på same avdeling utvikla symptom på sjukdommen.
Mannen som blei funnen død i Vatsvatnet torsdag ettermiddag var bebuar ved Vindafjortunet i Nedre Vats.

Foreslår éin sjukeheim i Vindafjord

Vindafjord og resten av kommune-Noreg har store utfordringar med korleis dei skal takle ein aldrande befolkning framfor seg. Blant forslaga frå rådgivar Lisbet Kjøniksen i Agenda Kaupang er å gå ned til ein sjukeheim.

Publisert Sist oppdatert

Agenda Kaupang har hatt i oppdrag å komme med ei ekstern vurdering av Vindafjord kommune sin interne ressursbruk og framtidige behov i heildøgns omsorgsplassar, omsorgsbustader og tryggleiksbustader. Som eit ledd i dette skulle dei vurdere framtidige behov for bustader med høve for heildøgns omsorgstenester og tilrettelagde bustader i kommunen.

Funn i analysen som blei presenterte av rådgivar Lisbet Kjøniksen i eit kommunestyremøte tysdag, viser at Vindafjord kommune gir tenester til ein høgare kostnad til færre innbyggjarar målt mot samanliknbare kommunar. For framtida teikna ho eit bilete som har blitt teikna i tidlegare analysar: Ein stadig større del av befolkninga blir eldre. Dette blir dyrt, men ein vil få mangel på arbeidskraft før ein går tom for pengar, og ein må følgjeleg drive meir effektivt enn i dag.

Millionar å spare

Kjøniksen var tydeleg på at Vindafjord må unngå å møte veksten i eldre innbyggjarar med fleire sjukeheimsplassar. Kommunen driv i dag sjukeheimane Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet i Vats.

Rådgivar Lisbet Kjøniksen i Agenda Kaupang presenterte nåtida og moglege framtidige scenario for helsesektoren i Vindafjord kommune gjennom 49 lysbilete.

Kartlegginga til Agenda Kaupang viser at Vindafjord har høgare einingskostnader for institusjonar enn snittet i samanlikningskommunar. Rådgivaren skisserte alternativ til dagens praksis for å avgrense kostnadane i framtida.

— Ved å gjere om sjukeheimsplassane ved Ølen omsorgssenter til omsorgsbustader med bemanning, for så å auke tolv sjukeheimsplassar i to omgangar, mellom 2030-2040 og 2040-2050, vil kostnaden reduserast med 30,8 millionar kroner i 2040 og 68 millionar i 2050 samanlikna med dagens praksis, sa Kjøniksen.

Ølen omsorgssenter tilbyr totalt 30 institusjonsplassar, fordelt på langtidsplassar, korttidsplassar, rehabilitering og lindrande seng, i tillegg til to midlertidige omsorgsbustadar. Dette kan bli annleis i framtida.

Dette forklarte rådgivaren med at kostnadane til institusjon vil gå ned i dette scenarioet, og helsehjelp til heimebuande vil auke. Ho viste til at bustader med heildøgnsbemanning er billegare enn institusjonsplassar, sidan dei krev færre årsverk og slik har lågare kostnad per plass. I dette forslaget blir det lagt til ei auke på fem timar per veke i heimesjukepleie per sjukeheimsplass som blir omgjort.

Politikarane lytta med stor interesse til Kjøniksen sine analysar og forslag. Øyvind Valen (Ap) spurde rådgivaren om kvifor ho foreslår å ha Vindafjordtunet i Vats, og ikkje Ølen omsorgssenter som den einaste sjukeheimen i kommunen. Kjøniksen svara at dette er diskusjonar Agenda Kaupang har hatt med kommuneadministrasjonen. Ho viste til at bygningsmassen på Vindafjordtunet har nokre føremoner samanlikna med den i Ølen, mellom anna storleiken på bugruppene, utvidingshøve og plassering for å vere attraktiv for rekruttering. Ølensbuen Sjur Heggen (Frp) var skeptisk til ideen og såg for seg eit scenario der han sjølv blir gammal og hamnar i Vats.

— All ære til Vats, det er jo ein kjekk plass, men der blir du isolert, sa Heggen.

Han eksemplifiserte med at du ikkje kan gå ut på senter eller kafé, men må ta buss. Han tok til orde for å samle eldre og funksjonshemma i kommunesenteret slik at dei skal kunne komme seg ut i sosiale omgjevnader.

Sjur Heggen (Frp) vil helst få bu i Ølen når han blir gammal.

Kjøniksen la også fram to andre alternativ. Det eine var at det ikkje skal komme nokre nye sjukeheimsplassar dei kommande åra, før ein så aukar med åtte plassar i tre omgangar, som gir ei total auke på 24 plassar. Eit anna alternativ var å halde talet på sjukeheimsplassar konstant, og møte det auka behovet med heildøgns omsorgsbustader og omsorgsbustader.

Bustadstruktur

Noko av det mest sentrale i Kjøniksen sitt bodskap er at flest mogleg eldre må kunne bu i eigen heim lengst mogleg gjennom ein god bustadstruktur. Ho meiner fleire eldre må bu sentralt i bustader som eignar seg for dei. Med statistikk frå Statistisk sentralbyrå viste ho at handels- og servicesonene i Vindafjord i 2023 ikkje svara til områda der høgast del av befolkninga er over 80 år.

— Kommunen må utvikle femminuttars tettstadane som generasjonsvennlege samfunn, sa Kjøniksen.

For å få til dette, oppmoda ho kommunen til å bruke sitt mynde til å stille krav til sentrale tomter og sikre at det finst nok eigna private bustader med livsløpsstandard. Ho oppmoda også kommunen til å sikre at alle lokalsenter der kommunen satsar på nye bustader, har kort responstid for heimetenester.

Powered by Labrador CMS