Kommunalsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde for organisasjon informerte om bemmanningssituasjonen i eit formannskapsmøte.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Manglar mange på institusjonane
31,28 årsverk står ledige på institusjonsdrift i Vindafjord kommune. Mykje tid må brukast til rekruttering og opplæring på fleire arbeidsplassar i kommunen.
Kommunalsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde for organisasjon informerte om rekrutteringssituasjonen i kommunen i eit formannskapsmøte 10. september.
Stor vekst
Rullestad Gjerde viste ei oversikt over ledige årsverk fordelt på einingar per september med institusjonsdrift på ein soleklar førsteplass. Ho understreka at dette er ei stor eining med både Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter, kontra oppvekst som var delt opp i fleire små einingar. Det er tre avdelingar i Ølen og fire avdelingar i Vats, inkludert nattevakter.