Foto: Svein-Erik Larsen

Obduksjonsrapporten klar etter vasskuterulykke

Publisert Sist oppdatert
Gutane som døydde i vasskuterulykka i Hidlefjorden, døydde truleg nærast omgåande som følgje av hovudskadar, ifølgje den førebelse obduksjonsrapporten.

– Det er ikkje gjort funn som tilseier drukning, seier politiadvokat Øyvind Bore i Sørvest politidistrikt.

Politiet held fram med etterforskinga av ulykka, og det står framleis att mykje arbeid, ifølgje Bore.

Fartøya og utstyret om bord blir undersøkt, og politiet jobbar med å hente ut data om kva som skjedde like før ulykkestidspunktet.

Ein mann i 30-åra er sikta for aktlaust drap som følgje av ulykka, men nektar straffskuld. Han har forklart til politiet at han trefte noko i sjøen den same natta. Rundt klokka 01.30 tok han kontakt med politiet. Dei vidaresende han til Hovudredningssentralen (HRS), som skal ha rådd han til å køyre vidare.

Politiet går også gjennom mobiltelefonane til dei involverte.

– Vi vil analysere skadar og avtrykk på fartøya for å sjå om det kan vere samsvar. Dette vil ta noko tid å få svar på, seier Bore.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS