Liv Ellen Ebne, SLT-koordinator i Etne kommune og Mariann Sydnes, leiar for kultur i Etne kommune. Dei håpar at dei som treng hjelp nyttar seg av støtta som ein kan få.
FOTO: RENATE SÆVAREID
Skal sikra aktivitet for barn og unge
Nå vil Etne kommune sørgja for at alle barn og unge i kommunen skal få moglegheita til å delta på organisert aktivitet uavhengig av økonomi.
Undersøkingar viser at barn og unge i familiar med dårleg familieøkonomi deltar mindre i organiserte fritidsaktivitetar. Med denne kunnskapen i ryggen vil Etne kommune bruka 450.000 kronar på å få barn og unge til å auka deltakinga. Dei har fått tildelt 200.000 kroner frå Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir), og skal bruka 250.000 kroner frå eigen kasse.
— Tiltaka kom fordi me såg i siste Ungdata-undersøking kor sårbart det er å leva i ein familie med dårleg økonomi, seier Liv Ellen Ebne, som er SLT-koordinator i Etne kommune.
Behovsprøvd