Midtfjellet.Foto: Stein Erik Gilje
Midtfjellet.

Sunnhordland Kraftlag kjøper Midtfjellet Vindkraft

Sunnhordland kraftlag (SKL) har kjøpt vindkraftanlegget i Fitjar kommune saman med Fitjar kraftlag. Med denne avtalen aukar SKL sin fornybare energiproduksjon vesentleg, noko som kjem fram i ei pressemelding frå selskapet torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Sunnhordland kraftlag har no sikra eigarskapen til 95 prosent av Midtfjellet Vindkraft, mens Fitjar kraftlag har auka sin eigarandel til 5 prosent. Transaksjonen, med ein verdi på 131,4 millionar euro, markerer eit viktig steg for begge selskapa i arbeidet med å auke fornybar energiproduksjon. Det tyske investeringsselskapet Aquila Capital har tidlegare vore eigarar gjennom sine fond.

Styrkar lokal fornybar energiproduksjon

Midtfjellet Vindkraft er eit av dei mest veldrivne vindkraftanlegga i Noreg, med 55 turbinar som til saman produserer 420 gigawatt-timar (GWh) årleg. For SKL betyr dette ein vekst i produksjonen frå 2,8 til 3,2 terrawatt-timar (TWh), noko som tilsvarer ein auke på 15 prosent. Anlegget forsyner om lag 60.000 innbyggjarar med straum, noko som gjer det til ei viktig kraftkjelde for Sunnhordland.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS