Raset gjekk ved Igletjørntunnelen på Suldal-sida av kommunegrensa mot Vindafjord.
ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN
Raset gjekk ved Igletjørntunnelen på Suldal-sida av kommunegrensa mot Vindafjord. ILLUSTRASJON: STATENS VEGVESEN

Trafikkdirigering etter ras på fylkesveg 46 ved Ropeid

Ved 23-tida tysdag gjekk det eit steinras på fylkesveg 46 like ved Igletjørntunnelen, like sør for kommunegrensa mellom Vindafjord og Suldal.

— Bilistane som melde dette rydda delar av vegen for passasje, opplyser Sør-Vest politidistrikt på X.

Bilde frå rasstaden. FOTO: POLITIET

Ved 1-tida natt til onsdag melde politiet at geolog er kontakta, og det er vurdert som forvarleg å dirigere trafikk forbi rasstedet.

Ved 6-tida onsdag er det ifølgje trafikkinformasjon på Statens Vegvesen si nettsida fare for stenging av vegen.