Bassenget i Ølen er førebels einaste plass å symjeopplæring i Vindafjord. I 2026 kan det bli lagt ned. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Bassenget i Ølen får truleg leve vidare.

Vindafjord-budsjettet

Basseng kan bli lagt ned

Publisert Sist oppdatert

Dette kom fram då kommunedirektør Yngve Folven Bergesen presenterte sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025–2028 tysdag.

Symjehallen er ein del av ein felles gymsal- og bassengbygning knytt til Ølen skule. I ein rapport frå Multiconsult blei det nyleg slått fast at bygningen har eit vedlikehaldsbehov på 25,15 millionar kroner.

Vil bygge om

Ved eit tidlegare budsjettframlegg stilte Folven Bergesen eit ope spørsmål til politikarane om kommunen har råd til å ha to basseng. Med krevjande økonomiske utsikter framover meiner han sjølv at svaret på dette er nei.

I sin føreslåtte økonomiplan har han lagt inn ei innsparinga på 600 000 kroner i året frå 2026 ved å avvikle bassenget ved Ølen skule. Bassenget er tenkt bygd om til andre formar for kroppsøving enn symjeopplæring. Folven Bergesen føreslår eit verbalvedtak om avviklinga som lyder:

Kommunedirektøren føreslår at bassenget i Ølen blir bygd om til aktivitetsrom for kroppsøving. Bassenget har behov for oppgradering til dagens standard. Å drifte symjebassenget er kostbart, og kommunedirektøren vurderer det slik at Vindafjord kommune ikkje lenger har råd til å drifte to basseng. Vidare er det behov for å styrke fasilitetar til kroppsøving. Gjennom ombygging kan arealet bli eit aktivitetsrom for kroppsøving

Planlagt ferdigstillingsdato for den nye symjehallen og bygdahuset i Vats er 30. april 2025.

Håpar fleirtalet finn pengar

Etter budsjettframlegget sitt opna Folven Bergesen for spørsmål frå salen, der mange kommunestyrepolitikarar hadde tatt turen. Åge Opheim (H) lurte på om den rekna innsparinga på 600 000 kroner tar høgde for transport av skuleelevar til og frå bassenget, noko kommunedirektøren stadfestar at den gjer.

Ølen IL si symjegruppe er blant dei mest aktive brukarane av bassenget, i tillegg til skulane i Vindafjord. Bjørn Alvseike seier at han som leiar av symjegruppa ikkje er særleg bekymra, sidan alle partia under valkampen sa tydeleg at bassenget i Ølen ikkje skulle leggjast ned i denne perioden.

— Me forventar at Sp, Ap og KrF er parti som står for det dei seier og ikkje serverte løgner i valkampen, seier Alvseike.

Grunna dette kjenner symjegruppa seg trygge på at fleirtalet vil finne dei naudsynte 600 000 kronene, slik at barna ved Ølen skule slepp reiseveg, og at Ølen IL sine 180 medlemmar framleis får disponere bassenget.

— Me vil òg peike på at kommunen nyleg har investert betydeleg i nytt ventilasjonsanlegg og tilkopling til flisfyringsanlegg for å redusere driftskostnadene, seier Alvseike.

Han sit i kommunestyret for Frp, men understrekar at han uttalar seg som leiar i symjegruppa.

Endeleg budsjett blir vedteke politisk av kommunestyret 17. desember.

Bjørn Alvseike er leiar for symjegruppa Ølen IL.
Powered by Labrador CMS