Det er i dette området, like vest for Åkrafjordtunnelen det skal vere mange geiter i og ved vegbanen. Skjermdump: Google Streetview
Bukkene Bruse på tur
Vegtrafikksentralen Vest melder om at det går geiter i vegbanen på E134 ved Tjelmeland, og at bilistar må visa omsyn og køyra forsiktig
Vegtrafikksentralen Vest melde laurdag ettermiddag på X at fleire geiter har blitt observert i vegbanen på E134 ved Tjelmeland, rundt ein kilometer vest for Åkrafjordtunnelen. Bilistar som ferdast i området, blir oppmoda om å vera ekstra forsiktige.
Trafikantane bør senka farten og visa særskild merksemd for å unngå ulukker, og meld frå til Vegtrafikksentralen Vest dersom det skulle vera fleire dyr langs vegen.