Utval for drift, utvikling og kultur (DUK) var på synfaring på Ølen skule. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Utval for drift, utvikling og kultur (DUK) var på synfaring på Ølen skule.

Etterslep for millionar

Publisert Sist oppdatert
— Det er omfattande tal, men me har mange bygningar, sa kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling under eit møte i Utval for drift, utvikling og kultur (DUK) måndag.

Til møtet hadde utvalet fått 18 rapportar, ein for kvar bygning, av alle dei kommunale barnehagane, skulane og gymsalbygga. Multiconsult Norge AS har gjort ein fleirfagleg tilstandskontroll for faga bygg/bygningsfysikk, VVS, elektro og brannsikkerheit på kvar av bygningane. Uteområda er ikkje med i kartlegginga. Det er heller ikkje gymfasilitetar som ikkje er eigd av kommunen, slik som idrettshallen i Skjold Arena.

PS! Sjå tabell med kostnadar for kvar bygning nedst i saka.

PS! Sjå tabell med kostnadar for kvar bygning nedst i saka.

I rapportane er det skilt mellom behov frå null til fem år og frå fem til ti år. For skulane er det totalt kartlagt eit behov på 92,7 millionar dei første fem åra, og 51,2 millionar i perioden mellom fem og ti år, medan totalsummen innan ti år er 134 millionar. For barnehagane er tala 4,75 millionar frå år null til fem, 7 millionar mellom år fem og ti, og totalt 11,8 millionar innan ti år.

Dei samla summane for skule og barnehage er 97,5 millionar dei første fem åra, 48,2 millionar dei fem åra etter, og totalt 145,7 millionar innan ti år.

Jentegarderoben er stengt.

Krohn Brekke er tydeleg på at dei har eit vedlikehaldsetterslep.

— Me har ikkje 145 millionar å setje inn. Det må takast steg for steg, sa kommunalsjefen.

Behovet på dei ulike bygningane varierer stort, men det er berre gymsalen i Vikebygd og Bjoa barnehage som har eit mindre behov enn ein million i eit tiårsperspektiv. Dei to minste skulane har eit stort vedlikehaldsetterslep. Bjoa skule treng ifølgje rapporten nesten 9,7 millionar, medan gymsalen der treng nesten 7,7 millionar. Imsland oppvekstsenter har eit behov for 9,2 millionar, der 8,7 millionar trengst dei første fem åra.

Stengt garderobe

Det aller største behovet er på Ølen skule. Sjølve skulen har eit behov på 20 millionar, medan gymsal- og bassengbygget treng 25,15 millionar. Før møtet tysdag var DUK på synfaring på desse bygningane, der det går om lag 300 elevar. Politikarane blei leia rundt av Krohn Brekke, leiar Berit F. Haugsland for kommunaltekniske tenester, rektor Gro Anett Espevoll, prosjektleiar Geir Sigve Krokedal i kommunen og avdelingsleiar Tor Martin Heggebø for byggteknikarar.

Første stopp var bassenget, som fram til den nye Vindafjordhallen i Vats opnar er den einaste plassen ein kan ha symjeopplæring i kommunen. Med eit nytt ventilasjonsanlegg blir vatnet framover varma opp med energi frå flisfyringsanlegget i Ølen. Krohn Brekke bemerka at det er positivt med det nye ventilasjonsanlegget som blir installert til dette skuleåret, men at vindauga i bassenget ikkje er noko å rope hurra for.

Tidlegare i år gjorde Miljøretta helsevern eit tilsyn, og kom med fleire pålegg. Sidan har kommunen iverksett fleire tiltak, og i gymsalen kunne ein lett merka at standarden har tatt seg opp mange hakk sidan Grannar laga ei reportasje frå skulen i september 2023. Maling gir eit mindre slitent fasade-inntrykk i hallen, og i garderobane er dørene til toaletta skifta, slik at det ikkje lenger er mogleg for innsyn. Jentegarderoben er førebels stengt i samband med skifte av vindauge som ein skal få klarheit i om hindrar innsyn. Taket i jentegarderoben er prega av hærverk.

Etter gymsalbygget frå 1978 gjekk turen vidare til klasserommet til 3. klasse, som er i ein del frå 1974. Etter ein rask kikk på det som er eit heilt gjennomsnittleg klasserom, og nokre meir slitne gangar, fekk politikarane sjå kjøkken, syrom og sløydrom. Krohn Brekke trekte fram at kostnaden med å fornye lysrøyra på skulen er anslått til seks millionar. Sjølv om uteområde ikkje er ein del av denne kartlegginga, tok følget seg tid til å sjå litt på kor eit nytt leikeapparat og ein støyskjerm skal kome. Kommunalsjefen fortalde at Vegvesenet har godtatt plasseringa av skjermen, men ikkje løysinga.

Guri Ravatn (SV, nærmast) har erfaring frå skuleverket som blant anna rektor på Vågen skule.

Utforskar raske tiltak

Då utvalet hadde møte etterpå, uttrykte politikarane at det var ein nyttig synfaring, og at rapportane legg eit godt grunnlag for vidare arbeid.

Åge Opheim (f.v.), Solveig Hortman (Sp), Asle Dagsland (KrF), avdelingsleiar Tor Martin Heggebø for byggteknikarar, kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling og Jan Idar Haugen (Sp) sjekka ut kor det er planar om å plassere ut ein støyskjerm.

Krohn Brekke påpeika at vedlikehaldsbudsjettet er for lite opp mot behovet, og at det er eit problem rundt om i kommune-Noreg. Åge Opheim (H) kjente seg godt att i dette frå sine seks år med budsjettarbeid i kommunestyret.

— Kvart år er det nesten berre naudvedlikehald, sa Opheim.

Han antyda at politikarane framover må gjere tøffare prioriteringar. Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på kva tiltak ein kan og bør gjere innanfor drifta.

— Dette er strakstiltak som er lågt hengande frukter, sa Krohn Brekke.

Samandrag av dei 18 rapportane:

Vik barnehage

Bygningen framstår overordna velhalden og godt vedlikehalden. Det er ikkje funne store avvik av betydning. Bygget er òg berre om lag 16 år gammalt, slik at dei fleste bygningsdelane har relativt god restlevetid.

Tilrådde tiltak er hovudsakleg vedlikehaldstiltak som erfaringsmessig, på grunn av slitasje og forventa teknisk levetid, må reknast å bli utført innanfor dei neste 10 åra. Dette omfattar til dømes måling av innerveggar, utskifting av golv og utskifting av ventilasjonsaggregat.

Det er registrert behov for strakstiltak. Det er ikkje funne tilhøve som krev djupnekartlegging eller større renoveringar. Det vert tilrådd å vurdere utskifting av varmekjelda til varmepumpe i staden for berre elkjel.

Vik barnehage har eit kostnadsanslag på 2,9 millionar i vedlikehald innan ti år.

Vik skule

Vik skule framstår overordna utdatert, med fleire bygningsdelar som har manglar og/eller har overstige forventa teknisk levetid, då det er utført lite vedlikehald eller utskiftingar i løpet av levetida. Det er òg betydelige avvik når det gjeld brannsikkerheit.

Det vert tilrådd å gjennomføre omfattande tiltak i løpet av dei næraste åra for å oppretthalde tilfredsstillande kvalitet på bygningsmassen.

Dei mest kritiske registrerte avvika er mangelfulle rømningsvegar og manglande merking av rømningsvegar.

Av større tiltak vert det tilrådd ei innvendig oppgradering av alle overflater og lys, utskifting av ventilasjonsanlegg, og utskifting av vindauge og ytterdører.

Det vert vidare tilrådd å utføre ein tilstandskontroll av taket.

Vik skule har eit kostnadsanslag på 5,1 millionar i vedlikehald innan ti år.

Vik skule MUNA-bygget

Vik skule MUNA-bygget framstår overordna aldrande, med nokre bygningsdelar som har avgrensa restlevetid. Det er likevel lite slitasje og få skadar, truleg på grunn av relativt lite bruk av bygningen.

Tilrådde tiltak er hovudsakleg utskifting av elektriske komponentar og ventilasjonsaggregat.

Det er ikkje registrert kritiske avvik.

Det er heller ikkje behov for omfattande tiltak eller djupnekartleggingar.

Vik skule MUNA-bygget har eit kostnadsanslag på 550.000 i vedlikehald innan ti år.

Bjoa skule

Bjoa skule har ein del manglar, særleg på fasadar og brannsikkerheit. I tillegg er fleire store bygningsdelar av ein alder og kvalitet som tilseier at dei bør skiftast ut snarast, til dømes ventilasjonsanlegg og belysning.

Det må gjennomførast relativt omfattande tiltak i løpet av dei næraste åra for å oppretthalde ein tilfredsstillande kvalitet på bygningsmassen.

Dei mest kritiske registrerte avvika er mangelfulle rømningsvegar og manglande merking av rømningsvegar.

Av større tiltak vert det tilrådd ei innvendig oppgradering av alle overflater og lys, utskifting av ventilasjonsanlegg, utskifting av vindauge og ytterdører, samt reparasjon/utskifting av utvendig kledning.

Vidare undersøkingar bør inkludere radonmålingar i 1. etasje (på grunn av målt radon i uinnreidd kjellar).

Bjoa skule har eit kostnadsanslag på 9,67 millionar i vedlikehald innan ti år.

Bjoa barnehage

Bjoa barnehage framstår overordna i god stand, utan særleg behov for utskiftingar eller vedlikehald i løpet av dei næraste 10 åra. Dette kjem hovudsakleg av byggets relativt låge alder.

Det er ikkje registrert behov for strakstiltak eller djupnekartleggingar.

Bjoa barnehage har eit kostnadsanslag på 500.000 i vedlikehald innan ti år..

Bjoa skule gymbygg

Bjoa gymbygg framstår overordna ganske bra med tanke på alderen, men det må på grunn av forventa levetid på fleire bygningsdelar påreknast ein del utskiftingar av både bygningsmessige konstruksjonar og tekniske system. Utvendig på fasadene er det likevel eit vedlikehaldsetterslep som må utbetrast.

Det må gjennomførast strakstiltak når det gjeld brannsikkerheit, inkludert rømningsmerking, rømningsvegar og brannvarsling. Det er ikkje funne behov for djupnekartleggingar eller større renoveringsprosjekt.

Bjoa skule gymbygg har eit kostnadsanslag på 7,66 millionar i vedlikehald innan ti år..

Vågen skule

Vågen skule framstår overordna i grei stand, men på grunn av lite vedlikehald og utskiftingar må det reknast med behov for tiltak på nokre bygningsdelar med kort levetid. Dette gjeld til dømes belysning, ventilasjonsaggregat og fast inventar. Område med særleg mykje slitasje, typisk korridorar, vil òg krevje noko renovering innan 10 år.

Det er registrert fleire betydelige avvik innan brannsikkerheit, spesielt med tanke på rømming.

Dei mest kritiske registrerte avvika er knytt til brannsikkerheit, som mangelfulle rømningsvegar og manglande merking av desse, samt eit mangelfullt brannalarmanlegg.

Vidare undersøkingar bør halde oppsyn med mogleg pågåande lekkasje i kryploftet.

Vågen skule har eit kostnadsanslag på 12,6 millionar i vedlikehald innan ti år. Arkivfoto

Vågen barnehage

Vågen barnehage framstår overordna greitt vedlikehalden. Bygget er òg berre om lag 14 år gammalt, slik at dei fleste bygningsdelane har relativt god restlevetid. Unntaket er utvendig kledning som treng målingsbehandling, samt nokre uheldige detaljar på rekkverk og takavslutningar som bør byggjast om.

Det er likevel registrert betydelege avvik i høve til brannsikkerheit, mellom anna rømningsforhold, brannsmitte og merking. Det er til dømes behov for å skifte fleire vindauge til vindauge med brannklasse, og uteboden på nordvestsida bør fjernast.

Brannsikkerheitstiltak er i stor grad strakstiltak.

Det er ikkje funne tilhøve som krev djupnekartlegging eller større renoveringar.

Vågen barnehage har eit kostnadsanslag på 2,4 millionar i vedlikehald innan ti år.

Skjold Barnehage

Bygningen framstår overordna i god stand. Bygget er relativt godt vedlikehalde gjennom levetida, med enkelte unntak.

Likevel er det avdekka nok avvik i 1995-fløyen til å tilrå ei komplett rehabilitering av innvendige overflater. Særleg kritisk var golvbelegga frå 1995, som framstår som lite eigna til dagens bruk.

For 2018-fløyene er det høg slitasje på malte gipsveggar. Her kan det vurderast å gå over til meir robuste overflater.

Bygget har behov for ei oppdatering av branndokumentasjonen og betre koordinering mellom byggetrinna. Det er òg fleire mindre branntekniske avvik som må utbetrast som strakstiltak, då desse omfattar personsikkerheit.

Det tekniske anlegget framstår overordna i god stand, men ein må rekne med utskifting av aggregat frå 1995, samt oppdatering av naudlys og branndetektorar. Det vert òg tilrådd å vurdere overgang til LED-belysning på lengre sikt.

Skjold barnehage har eit kostnadsanslag på 3,1 millionar i vedlikehald innan ti år..

Skjold Skule

Skjold skule framstår overordna i svært god stand. Skulen er i hovudsak rehabilitert i 2020. Rehabiliteringa var primært innvendig, men òg på taket i delar av bygget som vart råka av brann. Skjold skule har eit frittståande tilbygg frå 2003, der det ikkje er gjort rehabiliteringar eller oppgraderingar, med unntak av noko utskifting på toaletta. Her må ein rekne med eit større omfang av innvendig rehabilitering.

Skulen har noko branndokumentasjon, men det manglar ei heilskapleg samla branndokumentasjon. Nokre utbetringar er nødvendige knytt til rømningsdører, eldre markeringsskilt og merking av manuelt slokkeutstyr. Større endringar er påkravd ved paviljongen med tanke på rømming og branncelleinndeling. Det må gjerast ei vurdering av mediateket som eiga branncelle. Generelt må gjennomføringar gjennomgåast etter utarbeidd branndokumentasjon.

VVS-teknisk framstår skulen i svært god stand, men 2003-fløyen har behov for nytt ventilasjonsaggregat på lengre sikt. Det er òg prisa inn sprinkleranlegg for småskulen.

Det elektriske anlegget framstår òg i god stand, med mindre avvik knytt til bruk av skjøteleidningar og ufagmessige avvik i hovudfordelinga.

Skjold skule har eit kostnadsanslag på 4 millionar i vedlikehald innan ti år.

Sandeid barnehage

Sandeid barnehage framstår overordna i god stand, og har relativt lite behov for vedlikehald eller utskiftingar, mest på grunn av relativt låg alder. Nokre større bygningsdelar nærmar seg behov for utskifting, til dømes ventilasjonsaggregat, belysning og noko fastinnreiing.

Det er imidlertid registrert fleire betydelige avvik innan brannsikkerheit, særleg med tanke på rømming, som bør utbetrast så snart som mogleg.

Det er ikkje registrert forhold som krev djupnekartlegging eller større renoveringar.

Sandeid barnehage har eit kostnadsanslag på 500.000 i vedlikehald innan ti år.

Sandeid skule

Sandeid skule-bygningen framstår overordna i grei stand og er relativt godt vedlikehalden. Det er lite behov for større utskiftingar innan 10 år.

Det er registrert fleire betydelige avvik innan brannsikkerheit, spesielt med tanke på rømming.

Brannsikkerheitstiltak knytt til rømningsmerking og rømningsvegar, samt kartlegging og reparasjon av lekkasje i varmtvannsleiinga i garderobe 159, bør gjennomførast som strakstiltak.

Det er ikkje registrert behov for større renoveringar eller ekstra djupnekartleggingar.

Sandeid skule har eit kostnadsanslag på 8,5 millionar i vedlikehald innan ti år. Arkivfoto

Sandeid skule gymbygg

Sandeid skule gymbygg framstår overordna i dårleg stand. Det er gjort lite utskiftingar og større vedlikehaldstiltak i løpet av levetida, noko som har ført til eit betydelig vedlikehaldsetterslep. Særleg bygningsmessig er det behov for større utskiftingar.

Det er registrert fleire betydelige avvik innan brannsikkerheit, spesielt med tanke på rømming. Dette, saman med reparasjon av lekkasjar, bør gjennomførast så snart som mogleg.

Av større tiltak vert det tilrådd oppgradering av alle innvendige overflater og utskifting av all kledning utvendig. Det er ikkje funne forhold som krev djupnekartlegging.

Sandeid skule gymbygg har eit kostnadsanslag på 5,5 millionar i vedlikehald innan ti år..

Vats skule

Bygningen framstår overordna i grei stand og er godt eigna for vidare drift som skule, men det må prioriterast å gjere løpande vedlikehald for å sikre god restlevetid for skulen. Ting som maling, rensing av nedløp og sluk, samt reparasjon av lekkasjar, må gjennomførast omgåande. Vidare bør det òg planleggjast for oppgradering av garderobeforhold, oppgradering av eldre klasserom og toalett for at skulen skal ha ein akseptabel kvalitet for brukarane.

NB1! Vik Skule Muna bygget og Imsland barnehage er tatt med i kostnadar for skulebygg.

NB2! Uteområde på skular og barnehagar er ikkje medtekje i denne analysen. Sett i lys av alder på store delar av bygningsmassen er det grunn til å anta at det er behov for oppgradering av dreneringssystem, avløp, overvatnshandtering og meir.

NB 3! Summane er ekskludert moms.

Kjelde: Multiconsult/Vindafjord kommune

Skulen manglar branndokumentasjon som seier noko om branntekniske løysingar. Det krevst utbetringar knytt til den branntekniske inndelinga i byggverket. Noverande løysing medfører difor at rømningsforholda ikkje er tilstrekkeleg ivaretatt fleire stader i byggverket. Seksjoneringsveggen er ikkje tilstrekkeleg utført og kan medføre større bygningstekniske oppgraderingar.

For VVS-anlegget er det behov for noko vedlikehald og utskifting, spesielt bør sanitærinstallasjonar frå byggeåret oppgraderast. Det må òg ventast ei framtidig oppgradering av ventilasjonsaggregat innan 5-10 år basert på alderen på anlegga.

For det elektriske anlegget tilrådest det oppgradering av underfordelingar, utskifting av nødlysutstyr og oppgradering av gammalt varmeanlegg som nødvendige strakstiltak. I tillegg kan det med fordel oppgraderast til LED-belysning på heile skulen.

For Vats skule er det spesielt viktig å sjå på den planlagte elevtalet og bruken før eventuelle tiltak iverksetjast. Fleire kostnadsdrivande tiltak kan vere mindre relevante, eller bli utsett i tid.
Vats skule har eit kostnadsanslag på 11,78 millionar i vedlikehald innan ti år. Arkivfoto

Imsland skule og barnehage

Imsland har ein del manglar og er relativt dårleg vedlikehalden/oppgradert gjennom levetida, spesielt innvendig. Fleire bygningsdelar har manglar og/eller har oversteget forventa teknisk levetid. Det er òg betydelige avvik knytt til brannsikkerheit.

Det må gjennomførast omfattande tiltak i løpet av dei næraste åra for å tilfredsstille brannkrav og oppretthalde ein tilfredsstillande kvalitet på bygningsmassen.

Dei mest kritiske registrerte avvika er mangelfulle rømningsvegar og merking av rømningsvegar, samt fleire manglar på andre brannsikringstiltak.

Av større tiltak vert det tilrådd ei omfattande innvendig renovering med utskifting/oppgradering av dei fleste overflater og bygningsdelar, samt brannsikkerheitstiltak.

Det er ikkje funne forhold som krev djupnekartlegging.

Imsland oppvekstsenter har eit kostnadsanslag på 9,2 millionar i vedlikehald innan ti år.

Vikedal skule

Vikedal skule framstår overordna i god stand. På hovudbygget er det gjort betydelige utskiftingar i løpet av levetida på både bygningsmessige konstruksjonar og tekniske system, òg i dei seinare åra. I 1950-delen av hovudbygget er det nokre fleire avvik, hovudsakleg på fasadar. Det er i hovudbygget også pårekna store kostnader knytt til utbetring av drenering, men dette er ikkje nødvendigvis kritiske avvik per dags dato. Småskulen er generelt i god stand på grunn av alderen.

Imidlertid er det stort behov for brannsikkerheitstiltak på begge bygg.

Det må gjennomførast strakstiltak knytt til brannsikkerheit, herunder rømningsmerking og rømningsvegar, branncelleinndeling og fjerning av fett frå avtrekksvifter i heimkunnskap.

Vikedal skule har eit kostnadsanslag på 14,15 millionar i vedlikehald innan ti år.

Ølen skule

Ølen skule er i svært varierande stand og har behov for omfattande tiltak innan alle fag. Brannteknisk manglar dokumentasjon på store delar av bygget, og det må i tillegg pårekjast ytterlegare branntekniske undersøkingar. Det vert framheva at skulen har behov for svært mange strakstiltak; sjå vedlegg A.

Byggeteknisk har 1956-fløyen blitt vedlikehalden jevnleg og framstår i akseptabel stand, med unntak av lærarfløyen mot 1974-fløyen, der det er eit stort omfang av betongskader som krev nivå 2 vurderingar og ei større rehabilitering av fasaden. 1974-fløyen er jevnt over i dårleg stand med tanke på innvendige overflater og tekniske system. Det må her pårekjast større rehabilitering av heile fløyen.

For 1998-fløyene er det òg behov for ei rekkje tiltak på innvendige overflater, så denne kan vurderast inkludert i ei overordna rehabilitering av 1974-fløyen, men her er tilstanden mindre prekær.

For 2001-fløyen og 2013-fløyen er tilstanden forholdsvis god, men det er òg her behov for enkle tiltak på alle fag.

For VVS-faget framstår utskifting av eldre ventilasjonsaggregat som det mest kritiske, i tillegg til utskifting av sanitært utstyr av eldre art.

For elkraft er anbefalt overgang til LED-belysning den største kostnadsmessige posten, men oppgradering av eldre utstyr med skader framstår som meir prekært å prioritere.

Dei mest kritiske registrerte avvika er knytt til brannsikkerheit og må prioriterast.

Av større tiltak tilrådest det ei komplett rehabilitering av 1974-fløyen.

Av vidare undersøkingar tilrådest nivå 2-analyse av både takkonstruksjonen, betongkonstruksjonar i 1956-fløyen, samt vidare branntekniske undersøkingar.

Ølen skule har eit kostnadsanslag på 20 millionar i vedlikehald innan ti år.

Ølen symjehall og gymbygg

Ølen symjehall og gymbygg framstår overordna i noko dårleg stand. Spesielt bygningsmessig i klimaskallet og i våtrom og garderobar er det generelt høgt vedlikehaldsetterslep og behov for omfattande oppgradering. Bygningen framstår òg utdatert. Det er i tillegg registrert fleire kritiske avvik knytt til brannsikkerheit.

Dei mest kritiske tiltakene som må utbedrast snarast er brannsikkerheitstiltak knytt til rømningsmerking og rømningsvegar. Det er behov for dybdekartleggingar av følgjande forhold: vannbehandlingsutstyr for basseng og betongfasadane.

Av større tiltak tilrådest det ei komplett fasaderehabilitering (kan eventuelt vurderast gjort med etterisolering av fasadar), komplett renovering av garderobar og komplett renovering av bassenggolv.

Bym- og bassengbygget ved Ølen skule har eit kostnadsanslag på 25,15 millionar i vedlikehald innan ti år. SKJERMBILETE: GOOGLE STREET VIEW
Powered by Labrador CMS