Ferja Ytterøyningen» blir gratis frå 1. juli av på strekninga Fjelberg-Sydnes-Utbjoa har fylkestinget i Vestland bestemt.
Ferja Ytterøyningen» på strekninga Fjelberg-Sydnes-Utbjoa. Frå 2026 kan stoppet på Bjoa bli tatt ut av drift. ARKIVFOTO

Ferje kan forsvinne frå Bjoa

Publisert Sist oppdatert

Dette kjem fram i forslaget til økonomiplan 2025–2028 og årsbudsjett 2025 som fylkesdirektør Gunn Claire Westad i Rogaland la fram måndag.

Fylke betalar anna fylke

Under fylkesdirektøren sin presentasjon kom det fram at den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen er pressa, slik som i andre fylkeskommunar i landet.

— Den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen er slik at me må halde fram med å ta grep, stramme inn og gjere tøffe prioriteringar. Budsjettet og økonomiplanen ber preg av dette, seier Westad til fylket si eiga nettside.

I si oppsummering av forslaga til Westad skriv fylket at ein trass den strammare økonomien ikkje må ta dei heilt store kutta. Det blir ingen endringar for ferjer i 2025, men frå 2026 foreslår fylkesdirektøren å kutte tilskotet til rute 1034 Fjelberg–Sydnes–Utbjoa.

Den aktuelle ferja blir drifta av Skyss, som er Vestland fylke sitt kollektivselskap. Rogaland, gjennom Kolumbus, betaler ein kompensasjon til Vestland for at denne og andre ruter skal vere innom stopp i Rogaland. I samband med ei anna sak opplyste nyleg kommunikasjonsrådgivar Morten Nesvik i Kolumbus at det for 2024 er budsjettert med kostnader på 2,6 millionar kroner for ferja Fjelberg–Sydnes–Utbjoa. I sitt budsjettforslag nyleg foreslo fylkesdirektør Rune Haugsdal i Vestland fleire ferjekutt, men Fjelberg–Sydnes–Utbjoa er ikkje blant dei som han vil legge ned.

Fjelberg–Sydnes–Utbjoa var blant ferjene i Vestland med under 100.000 passasjerar i året som blei gratis 1. juli 2022

Usikkerheit rundt Ølen-stopp

Når det gjeld snøggbåtar, foreslår fylkesdirektør Gunn Claire Westad i Rogaland endringar som følgje av saldering for bortfall av brukarbetaling på ferjer på 15 millionar kroner i budsjettet for 2025.

Dei aktuelle endringane gjeld ein ny kontrakt for snøggbåt i Ryfylke til 12 millionar, justeringar og kutt i ekstraavgangar i ny kontrakt i Ryfylke for to millionar, kutt i avgangar Byøyene og Hommersåk på fire millionar, og at Ølensambandet blir lagt ned.

Spurt om kva konkrete avgangar som eventuelt ryker om forslaget om å legge ned Ølensambandet blir ein realitet, svarar kommunikasjonsrådgivar Morten Nesvik i Kolumbus at dei førebels ikkje kan seie meir enn at dette står på kuttlista som politikarane skal ta stilling til i desember.

— Først etter eit eventuelt vedtak kan me gi meir konkrete opplysningar, seier Nesvik.

Han fortel at dersom kuttforslaget blir vedtatt, vil det bli realisert i løpet av sommaren 2025.

I Ølen går det snøggbåt til blant anna Leirvik og Bergen. Dette sambandet er også innom Utbjoa og blir drifta av Skyss. I samband med ei sak nyleg opplyste Nesvik at det for 2024 er budsjettert med kostnadar på 1,6 millionar kroner for snøggbåt til Ølen og Utbjoa. Kontrakten for snøggbåten er løpande og har ein oppseiingsperiode på seks månader.

Fylkestinget i Rogaland skal gjere endeleg behandling av årsbudsjett og økonomiplan 10. og 11. desember.

Powered by Labrador CMS