Thorleif Hvidsten vil at sonen Robert Hvidsten skal få helde fram å gå på Bjoa skule. FOTO: PRIVAT
Thorleif Hvidsten vil at sonen Robert Hvidsten skal få helde fram å gå på Bjoa skule.

Vindafjord-budsjettet

Flyttar eller held sonen heime om skulen blir lagt ned

Publisert Sist oppdatert

— Eg synest forslaget er heilt forkasteleg! Den situasjonen dei set folk i, med manglande føreseielegheit, er umenneskeleg, seier Torleif Hvidsten.

Sidan 1998 har oddingen budd av og på i bygda og fast sidan 2006. I 2018 blei han eineforsørgjar for sonen Robert (8), som går i 3. klasse på Bjoa skule. Han har trivst veldig godt.

— Det har vore veldig trygt og godt å bu her, med eit inkluderande miljø. Skulen har eg opplevd som sjølve hjartet i bygda, seier Hvidsten.

I tillegg til Bjoa skule føreslår kommunedirektør Yngve Folven Bergesen å leggje ned både skulen og barnehagen i Imsland.

— Blir hyttegrend

Hvidsten og sonen bur nede ved Bjoa båthamn. Med bakke heile vegen og manglande belysning anslår han at sonen må gå 40–45 minutt til busstoppet for å ta ein eventuell skulebuss. Reisetida sonen bruker på å kome seg til kulturskulen i Ølen er med i Hvidsten si vurdering.

Med opp mot 40 timar i månaden på reise til og frå skulen, ser Hvidsten flytting eller heimeskule som dei einaste alternativa for sonen.

Same dag som kommunedirektøren sitt forslag kom måndag, var han i kontakt med Heimeundervisningsforbundet for å legge ein potensiell plan. Han understrekar at dette ikkje er noko han seier i affekt, men noko han har tenkt på lenge.

— Vår plan har heile tida vore å revurdere når han står overfor eit naturleg skifte i 8. klasse, men vegen er mykje lengre for ein 6-8-åring, seier Hvidsten.

Normalt sett går barn frå Bjoa på skule i Ølen, men grunna utfordrande lærarrekruttering starta 5.–7. klasse-elevar i haust i Ølensvåg. Hvidsten poengterer at bjoabuar har stått i kampen for å behalde skulen tidlegar og drar linjene til prosessen rundt skulestruktur i 2022. Spørsmålet om skule ser han på som eit vere eller ikkje vere for bygda.

— Bjoa blir ei hyttegrend utan skule, seier Hvidsten.

Om kommunestyret vil redde skulen, meiner han er vanskeleg å seie. Han understrekar at det ikkje er noko resignasjon å spore og garanterer at både kommunedirektør og politikarar skal få oppleve kamp og motstand heilt til endes.

Bjoa skule har eit kostnadsanslag på 9,67 millionar i vedlikehald innan ti år. Nå foreslår kommunedirektøren å legge den ned.

Gir seg ikkje

Forslaget om å leggje ned Bjoa skule blir eit sentralt tema for Bjoa bygdeutviklingslag framover. Nestleiar Mathias Granberg fortel at dei snart skal ha styremøte for å få oversikt og planleggje responsen. Han synest forslaget er trist for bygda, men han såg det kome med flyttinga av mellomtrinnet til Ølensvåg.

— Skulen har mykje å seie for dei som bur her i dag, og alt å seie for å få folk til å flytte hit. Å få tilflytting blir ekstremt vanskeleg med nedlegging, seier Granberg.

Besparinga på å leggje ned skulen synest han er liten samanlikna med konsekvensane. Han viser til at skulen også fungerer som sentrum i bygda og eit bygdahus med aktivitetar for folk i alle aldrar, og fryktar for ei framtid der kommunen ikkje bidreg med vedlikehald. I økonomiplanforslaget er det lagt opp til ei innsparing på 2,9 millionar kroner i 2025, og 6,7 millionar årleg i drift frå 2026 på kutta i Imsland og Bjoa til saman.

I forslaget til kommunedirektøren får Bjoa barnehage leve vidare. For Granberg er det ekstremt viktig. Han fortel at om den hadde vore på nedleggingslista, skulle han ha stått inne på kontoret til kommunedirektøren sjølv.

Spurt om stemninga i bygda dagen etter nedleggingsforslaget, svarar han at folk er sinte og fortvila. Han har ikkje stor tru på at det politiske fleirtalet skal redde skulen, men understrekar at ein kan ha eit håp.

— Me føler at me nettopp har stått opp i same sak, og så køyrer dei berre på igjen. Det var mange engasjerte folk i sist kamp, og me kjem ikkje til å gi oss lett denne gongen heller, avsluttar Granberg.

Endeleg budsjett og økonomiplan blir vedteke 17. desember. Sp, KrF og Ap inngjekk eit budsjettsamarbeid etter valet i 2023 og har fleirtal i kommunestyret.

Powered by Labrador CMS