Nortura vil ikkje lenger gå på akkord med liv og helse. Skotsk høglandsfe har for lange horn for slakteriet.
Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
For farleg å slakte høglandsfe
NPK: Nortura vil ikkje lenger gå på akkord med liv og helse og stoppar derfor slakting av skotsk høglandsfe. Grunnen er at dyra har for lange horn.
Stansen skulle tre i kraft 1. august i år. Det vart presisert at definisjonen på store horn var horn som stikk utanfor skuldrene, bogen på dyret. I praksis betyr dette storfe av rasen skotsk høglandsfe. Det er Dalane Tidende som melder dette.
Over to månader etter at stansen skulle vore sett i verk, tek slakteria enno imot skotsk høglandsfe. Men no nærmar det seg at siste dyr med troféaktige horn får audiens hos Nortura.
– Stansen vart av praktiske årsaker utsett til 1. november. Vi har hatt ein plan for utfasing av desse dyra og reglar for korleis vi skal handtere dei. No skrur det seg til; det nærmar seg slutten, men vi har enno nokre mordyr igjen som skal leverast etter avtale, opplyser Ove Drange ved Nortura Egersund.
Ove Drange, som er fabrikksjef på Norturas anlegg på Tengsareid, seier til lokalavisa at slakteriet ikkje kan akseptere at dyra skadar både folk og seg sjølve på grunn av dei lange horna.