Spørsmålet om vindkraft var eit av fleire sentrale tema som var oppe i kommunestyret tysdag. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Spørsmålet om vindkraft var eit av fleire sentrale tema som var oppe i kommunestyret tysdag.

Storm rundt vindkraft: — Tilgi Jan Idar, han veit ikkje kva han gjer

Publisert Sist oppdatert

— Tilgi Jan Idar, han veit ikkje kva han gjer, sa Bente Kleppe (SV), med vising til Jan Idar Haugen (Sp), som la fram fleirtalsforslaget.

Forslaget til Haugen, som blei vedtatt, lyd:

Vindafjord kommunestyre ønskjer ikkje eit prinsippvedtak mot næringsutvikling, herunder vindkraft. Dersom det kjem konkrete planinitiativ, vil dei bli vurdert kvar for seg.»

Jan Idar Haugen (Sp) vil behandle søknad for søknad kva gjeld vindkraft.

— Nei til vind og sexindustri

Bakgrunnen for at vindkraft kom opp i kommunestyret no, er eit innbyggjarinitiativ frå Motvind Tysvær, som dekker Vindafjord, Bokn, Karmøy, Haugesund og Tysvær. Vindafjord kommune fekk forslaget, som inneheld ein underskriftskampanje mot vindkraft med til saman 654 underskrifter, 12. september. Fleire folkevalde, på begge sider i tysdagens sak, rosa innbyggjarane for engasjementet og for å bruke demokratiet på ein slik måte at kommunestyret blir involvert.

Kort tid etter saksinnkallinga varsla Mats Årvik (Frp) at han kom til å fremje eit forslag om at kommunen skal seie nei til utbygging av vindkraftparkar. Som i eit nyleg intervju, presiserte Frp-politikaren at dette gjeld store anlegg, eksempelvis som det i Tysvær, ikkje små prosjekt med ei lita vindmølle. Då det prinsipielle rundt å legge til rette for næring kom opp i debatten, var han tydeleg på at han ikkje er ein bremsekloss for næringsutvikling i Vindafjord generelt. Han er berre skeptisk til spesifikke næringsaktivitetar, som blant anna vindkraftparkar.

— Eg har ikkje noko problem med å sei at eg ikkje vil ha kull- eller seksualindustri i Vindafjord heller, illustrerte Årvik.

Mats Årvik (Frp) la fram forslag om å sei nei til vindkraftparkar.

Den prinsipielle motstanden til Årvik er forankra i partiprogrammet som Frp gjekk til val på i 2023. For Bente Kleppe og SV stilte det seg likt. Ho var den som var tydelegast på talarstolen om at ho ønskjer eit absolutt nei til vindkraft i Vindafjord.

Vil ikkje låse seg

Anne Klette Steinsland (Vindafjordlista) representerte ein slags mellomposisjon i debatten og var pådrivar for å få eit gruppemøte før ho tok stilling til kva ho skulle stemme. Ho stilte spørsmål ved konsekvensane av ein vindkraftpark for buattraktiviteten, og viste til at det kan føre til stor usikkerheit for dei som bur i eit område det har blitt søkt om å bygge i, uavhengig av om parken blir realisert.

Ingen av talarane omfamna vindkraftparkar som konsept. Harald Olav Stuhaug (Sp) summerte opp ein del av stemninga i fleirtalet, der å ikkje lukke døra» var eit uttrykk som gjekk igjen.

— For eigen del sit det langt inne å sei ja til ein vindpark, men eg vil ikkje binde meg fast, sa Stuhaug.

Bente Kleppe var klokkeklar i SV sin motstand mot vindkraft.

Geir Berge (H) var også tydeleg på at han er skeptisk til vindkraft. Han meiner at vindmøller langt frå er miljøvennlege, og viste til materialet i møllene og vegane som må byggjast i samband med dei. Då han likevel stemte for fleirtalsforslaget, skuldast det ønsket om å ikkje låse seg før potensielle enkeltsaker. Berge fremja forslag om eit tilleggspunkt om å forlange ein uavhengig kontroll av konsekvensutgreiinga i saker om vindkraft. Midt i argumentasjonen fekk han ein irettesetting av ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), som sa at kommunestyret ikkje kan sei at konsulentskapa er kjøpte og betalte av tiltakshavarar. Berge fekk berre støtte frå Bente Kleppe (SV) under voteringa.

Til slutt enda det med at Sp, KrF og Høgre sitt fellesforslag fekk 17 stemmer, medan Årvik sitt fekk sju stemmer. Desse fordelte seg mellom Frp, Vindafjordlista, SV, og Ap-representant Wenche S. Lilleland.

Einar Heskja, Elin Magdalena Korvanen Mæland og Harald Eikanger frå Motvind Tysvær hadde tatt turen til Ølen for å følgje møte. Under eit gruppemøte før voteringa uttala Korvanen Mæland at ho frykta at vedtaket skulle bli som det blei.

— Det er mange her som manglar ryggrad, sa Korvanen Mæland.

Etter vedtaket var dei skuffa. Innbyggjaren frå Skjold, Eikanger, fortalde at han fryktar at det kjem vindkraftanlegg i kommunen. Han lurer på om kommunen trur at dei skal tene på å få vindkraft i Vindafjord.

Einar Hesja (f.v.), Elin Magdalena Korvanen Mæland og Harald Eikanger frå Motvind Tysvær følgde møtet.
Powered by Labrador CMS