Jan Otto Hovda er i dette debattinllegget kritisk til Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal sin argumentasjon for at kommunen må gå inn med nye 5 millionar kroner til havvind-prosjektet på Dommersnes. ARKIVFOTO GRETHE HOPLAND RAVN
Jan Otto Hovda. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Kva skal vi leve av?

«Vi kan ikkje berre leve av fin natur,» seier ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) til ei avis. Han og fleirtalet i formannskapet har akkurat gått inn for å skyte inn fem millionar i prosjektet Windafjord på Dommersnes i Vikebygd. Og det har han sjølvsagt rett i. Like rett som Lillebjørn Nilsen då han song det retoriske spørsmålet: «Noen tror visst man kan leve av plast og syntetisk mat?»

Det vi lever av er faktisk korn, frukt, grønsaker, fisk og kjøt.

Vi har aldri levd av olja på kontinentalsokkelen – den har berre bidratt sterkt til korleis vi har designa levemåten vår, livsstilen.

Men argumentet har vore det same: «Vi kan ikkje leve bare av ren luft, rent vann. Vi kan ikke skru klokken tilbake.»

Spørsmålet er kor lenge vi kan leve utan pen natur, utan fisk i sjøen og dyr i skogen?

Det held sikkert ut generasjonen til ordføraren og meg, og det er jo vi som har innreia oss i den livsstilen som no er truga ved at oljeeventyret skal fasast ut.

Men det er nettopp dette «eventyret» som har gjort det så presserande å finne nye alternativ no. Forbrenninga av fossilt brennstoff som gjer at jorda blir ein ukoseleg stad å leve. Olje er ikkje berekraftig.

Vindkraftindustrien, slik den blir gjennomført i dag, er det heller ikkje. Den sikrar berre kortsiktig profitt og kanskje vekst. Pengar i diverse kassar. Levestandarden til ein utdøyande generasjon.

«Vi kan ikkje berre leve av fin natur» er den gamle tenkemåten til gamle menn.

Jan Otto Hovda

Vikebygd