SkakkeARKIVFOTO
Skakke-saka
Lovar å omfordele Skakke-aksjar
Sparebankstiftinga Etne står fast ved at dei vil omfordele aksjane dei blir sitjande med om driftsselskapet til kulturhuset Skakke blir gjort om til eit aksjeselskap.
Det kjem fram i eit svar frå Sparebankstiftinga Etne til kommunedirektør Filippo Ballarini Etne kommune. Dette i samband med saka som Etne kommunestyre skal handsame tysdag denne veka.
Sparebankstiftinga Etne har som kjent sagt seg villig til å gi det dei meiner er ei gåve til Skakke og bygda, ved å bruke 30 millionar kroner på å betale ned gjelda som har tynkt drifta av Skakke heilt sidan bygget opna i 2012. Kommunedirektøren har rådd kommunestyret til å gå for ei slik løysing, men eit atterhald frå bankstiftinga om at kommunen ikkje skal ha noko større eigarskap i eit nytt driftsselskap, har både kommunedirektøren og fleire av dagens eigarlag vore skeptiske til.
Det er i tråd med eit vedtak frå siste formannskap at kommunedirektøren på stilt to spørsmål som han ønskte svar på før tysdagens avgjerande møte i kommunestyret. Og måndag fekk han svara.