På catwalken for kreftsaka
Med kreftsaka som ein rosa tråd gjennom heile kvelden, var det duka for festmiddag, mannekengoppvisning, føredrag og lotteri for dei mange festkledde damene som tok turen til Damenes aften i Etne.
— Eg har vore mange gonger før. Eg går fordi det er sosialt og for å sjå mannekengoppvisninga, seier Julie Opheim frå Etne.
81-åringen frå Etne stiller som oftast opp når butikkane på Etne senter inviterer til Damenes aften, og i år er ikkje noko unntak. Saman med 99 andre festkledde damer har ho tatt plass rundt festbordet som er pynta med rosa serviettar og rosa bordkort. Rosa markerer kveldens tema som i år er øyremerka brystkreftsaka, og både deler av billettinntektene og loddsalet går til kampen mot kreft.
— Det er veldig positivt at inntekta går til kreftsaka. Og så er det spesielt at Kenneth Birkenes skal vera her i dag, seier ho og gler seg til kveldens høgdepunkt.