Det var i dette bygget Palma Pizza heldt til.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Næringsliv
Pizza-restaurant er konkurs
Etter berre halvanna års drift i Skånevik, har Palma Pizza i Skånevik no meldt oppbod.
Haugaland tingrett fatta den 16. oktober ein orskurd om at Palma Pizza Sund AS blir slått konkurs. Saka gjeld eit oppbodskrav, der selskapet sjølv meldte oppbod grunna alvorlege økonomiske utfordringar.
Palma Pizza har hatt tilhald i Skånevik sentrum, der dei gjennom det siste halvanna året har vore ein del lokale serveringstilbodet.
Retten behandla saka utan motpart til stades, og orskurden blei avsagt av dommarfullmektig Sigrid Haanes Marton.