Mia Bruvik (V ,f.v.), Steinar Skartland (Ølen Betong) og Bjarte Espeland Horpestad (V) under utdelinga av prisen.
PRESSEFOTO: ROGALAND VENSTRE
Næringsliv
Pris til Ølen Betong
Ølen Betong er tildelt Rogaland sin eldste miljøpris.
Prisen blei delt ut av Rogaland Venstre.
— Ølen Betong har over fleire år bidratt til ei grøn omstilling innanfor sin sektor. Dei er framsynte og arbeider godt for å utvikle ein innovativ metode for å sikre mindre avfall og meir gjenbruksmateriale av betongslam, seier fylkesleiar Bjarte Espeland Horpestad i Rogaland Venstre i ei pressemelding frå partiet.
Han poengterer at næringslivet er ein viktig del av det grøne skiftet og at Venstre ønskjer å heidra.