Håvard Matre, leiar i fotballstyret i Etne ILArkivfoto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Håvard Matre.

Debatt

Skakke og Etne kommune

Eg ynskjer å oppmode til å bygge ned frontane og til at me ikkje ser på denne saka i for sort-kvite tonar. Som innbyggjar i Etne kommunen og medlem av styret i Etne Idrettslag har eg (som mange andre) nære relasjonar til fleire av dei involverte partane – men desse tankane er mine eigne, heilt uavhengige refleksjonar kring saka.

Når eg diskuterer saka med folk i bygda, ser eg at det er eit faktum som fleire ikkje tenkjer øve, men som er relevant: Uavhengig av kva løysing me kjem fram til, vil Etne kommune alltid eige ein stor del av Skakke. Dei eig ungdomsskulen, kulturskulen og biblioteket som held til i bygget, noko som gjer at kommunen vil vere ein stor eigar av delar av Skakke i framtida uansett.

Vidare vil eg understreke kor fantastisk støttande Etne kommune har vore for idrettslaget og dei mange andre frivillige organisasjonane me har i bygda. Likevel kjenner eg ei uro når eg tenkjer på om kommunen òg bør stå som eigar av kinosalen, storsalen og storkjøkenet. Desse lokala er heilt essensielle for mange lag og foreningar, slik som idrettslaget sin Etne Cup.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS