Mykje tydar på at Vindafjordtunet i framtida vil bli den einaste sjukeheimen i Vindafjord. ARKIVFOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Vindafjordtunet i Vats er eit av dagens to omsorgssenter i Vindafjord.

Vindafjord-budsjettet

Tar steg mot felles sjukeheim

Publisert Sist oppdatert

Dette kunngjorde kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025–2028 tysdag.

— Dette er starten på ein periode med omstilling og effektivisering, sa kommunedirektøren.

Stor kartlegging

Vindafjord kommune driv i dag sjukeheimane Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet i Vats. Nyleg presenterte Agenda Kaupang ei ekstern vurdering av Vindafjord kommune sin interne ressursbruk og framtidige behov i heildøgns omsorgsplassar, omsorgsbustader og tryggleiksbustader.

Kartlegginga viser at Vindafjord har høgare einingskostnader for institusjonar enn snittet i samanlikningskommunar. Då rådgivar Lisbet Kjøniksen i Agenda Kaupang presenterte rapporten i eit kommunestyremøte 24. september, løfta ho fleire forslag, blant anna å gå ned til ein sjukeheim.

— Ved å gjere om sjukeheimsplassane ved Ølen omsorgssenter til omsorgsbustader med bemanning, for så å auke tolv sjukeheimsplassar i to omgangar, mellom 2030–2040 og 2040–2050, vil kostnaden reduserast med 30,8 millionar kroner i 2040 og 68 millionar i 2050 samanlikna med dagens praksis, sa Kjøniksen den gongen.

Meir om rapporten:

17. oktober var kommuneleiing, kommunestyre, tillitsvalde og verneombod samla til ein felles workshop i samband med rapporten.

Ølen omsorgssenter tilbyr totalt 30 institusjonsplassar, fordelt på langtidsplassar, korttidsplassar, rehabilitering og lindrande seng, i tillegg til to midlertidige omsorgsbustadar. Dette kan bli annleis i framtida.

1,5 millionar

I budsjettet for 2025 vil kommunedirektør Yngve Folven Bergesen følgje opp arbeidet som er gjort i rapporten. For å kunne gjere det, foreslår han å bruke 1,5 millionar kroner på å kartleggje og potensielt planleggje å legge om til ein sjukeheim. Grunna kapasitet er Vindafjordtunet det mest aktuelle. I tillegg til budsjettposten foreslår han å gjere eit verbalvedtak om nedleggingane som lyder slik:

Kommunedirektøren ynskjer å starte prosessen med å gå over til ein institusjon i Vindafjord kommune. Det er sett av 1,5 millionar i eige tiltak som prosjektmidlar til kartlegging og eventuell planlegging av omlegging til ein institusjon. Det er mange ting som må greiast ut før ein eventuelt går vidare med tiltaket, spesielt i høve til korleis ein endrar tilbodet til våre bebuarar, men også i høve til våre tilsette, slik at det vil vere ein omfattande prosess både med kartlegging og eventuelt gjennomføring.

Grunna kapasitet er Vindafjordtunet mest aktuelt for slik omlegging. Ølen omsorgssenter kan bli brukt som ein forsterka omsorgsbustad/helsehus. Det må sjåast på mogelege økonomiske effektar og konsekvensar av eit slikt tiltak, og me må ha skisse til ein plan for korleis dette kan gjerast. Dette vil også innebere ei styrking av heimetenesta.

Kommunedirektøren legg ikkje opp til å redusere talet på heildøgns omsorgsplassar, men at fleire plassar vil bli omsorgsbustader med bemanning i staden for institusjon/sjukeheim

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen la fram eit budsjettforslag prega av at tidlegare varsel om trongare tider i kommuneøkonomien til Vindafjord nå verkar å bli ein realitet.

Nysatsing

Ei utvikling der ein stadig større del av befolkninga blir blant dei eldre aldersgruppene, var gjennomgåande for forslaga til budsjett og økonomiplan.

Kommunalsjef Vegard Bang for økonomi presenterte befolkningsutviklinga i Vindafjord og ein prognose for framtida. Prognosen spår at utviklinga skal halde fram, og at talet på personar frå 67 år og oppover vil ta igjen talet på personar mellom 0 og 29 år i 2034 og passere det sidan. Samtidig går talet på yrkesaktive mellom 20 og 66 år per person på 67 år og eldre ned. I dag er det 3,3, medan det i 2034 blir spådd å vere 2,65.

Kommunalsjef Vegard Bang for økonomi fortalde om demografiutvikling i Vindafjord.

Den økonomiske planlegginga til kommunen er prega av dette. Forutan sjukeheimsdrifta er det stort fokus på at folk skal kunne bu og klare seg heime lengst mogleg. Kommunedirektøren foreslår å sette av 200.000 i 2025 og 285.000 dei kommande åra til frisklivstiltak med sikte på at folk skal kunne bu heime lenger.

I budsjettforslaget skriv Folven Bergesen at for å drifte ein god frisklivssentral for nesten 9.000 innbyggjarar, må kommunen minst ha 50 prosent stilling, fordelt på to personar. Ein skal både planleggje og drifte trening, kurs, grupper og helsesamtalar. Auken i ressursar på kort sikt har som mål å leggje til rette for meir målretta trening med fokus på heimreise så fort som mogleg.

— For å både vere samfunns- og kostnadseffektiv, vil me med denne auken sjå på ulike gruppetilbod som me bør opprette i kommunen, som KOLS, Parkinson, balanse og meir, skriv kommunedirektøren.

Han meiner at kommunen på denne måten, med relativt lite ressursar, vil treffe mange innbyggjarar både for å auke/vedlikehalde funksjon, samt at det er gode tiltak for å auke sosial deltaking og førebygge einsemd.

Endeleg budsjett blir vedteke politisk av kommunestyret 17. desember.

Powered by Labrador CMS