Hans Kristian Havreberg er spent for konkurranse til helga i det store stemnet British open. Privat foto
Sport
To lokale utøvarar skal representera Noreg
Til helga skal dei to topptrente karateutøvarane Hans Kristian Havreberg og Beathe Hegerland frå Etne delta i eit stort og anerkjent stemne som heiter British Open i London.
— Det er eit veldig høgt nivå, dit kjem alle dei beste i verda, seier Hans Kristian Havreberg.
Dei to toppidrettsutøvarane har lang fartstid på landslaget og er tatt ut som 2 av 5 til å representere Noreg på stemnet.