Vindafjord-budsjettet
Vil legge ned to skular
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen foreslår å leggje ned skule og barnehage i Imsland og skule på Bjoa.
— Dette er det vanskelegaste tiltaket, sa kommunedirektør Yngve Folven Bergesen då han presenterte sitt forslag til budsjett for 2025 og økonomiplan for 2025–2028 tysdag.
Skule- og barnehagekuttet er eit av fleire kuttforslag han kom med. Folven Bergesen starta presentasjonen med å teikne eit bilete av den økonomiske stormen som blei varsla i 2023 og som no har slått inn.
Elevtal og kostnadar
Dersom forslaget går gjennom, vil nedleggingane skje frå hausten 2025. I økonomiplanforslaget er det lagt opp til ei innsparing på 2,9 millionar kroner i 2025, og 6,7 millionar årleg frå 2026 på kutta. Det er fleire grunnar til forslaget, blant anna utviklinga av elevtala på dei minste skulane.
— Rekruttering av kompetanse har vist seg vanskeleg, sa Folven Bergesen.
Allereie denne hausten har elevar på 5.–7. trinn på skuledelen av Bjoa oppvekstsenter blitt flytta til Vågen oppvekstsenter.
Kommunedirektøren framheva også den økonomiske situasjonen til kommunen og viste til ei stor kartlegging frå Multiconsult, som viser at barnehagar, skular og gymsalbygg i Vindafjord har behov for vedlikehald for nesten 146 millionar kroner dei neste ti åra. I delen om investeringar poengterte han at desse nedleggingane ville redusere behovet noko, men at dei 25 millionane dei fann råd til i treårsperioden ikkje er nok.
Plass andre stadar
Kommunedirektøren understreka at han ikkje foreslår å leggje ned barnehagen på Bjoa, slik han gjer i Imsland. Han forklarte at det krevjast ei nedlegging av barnehagen også, slik at ein ikkje har kommunal drift i bygningen, for å få full økonomisk effekt av kuttet. I tillegg understreka han at kommunen er positiv dersom frivillige ønskjer å drifte barnehagen.
— Viss ikkje, er det plass i Vikedal, sa kommunedirektøren.
I tillegg til budsjettposten foreslår han å gjere eit verbalvedtak om nedleggingane som lyder slik:
På grunn av den vedvarande nedgangen i barne- og elevtalet ved Imsland og Bjoa oppvekstsenter, samt det store investeringsbehovet dei neste ti åra, foreslår kommunedirektøren å leggje ned Bjoa skule og Imsland barnehage og skule med verknad frå skuleåret 25/26. Prognosar viser synkande barnetal, noko som gjer det utfordrande å oppretthalde eit tilfredsstillande pedagogisk tilbod ved desse einingane.
Dei økonomiske utfordringane er betydelege. Begge einingane står overfor store investeringsbehov for å oppretthalde og oppgradere bygningsmassen og undervisingsfasilitetane. Dette viser tilstandsrapportane frå både Norconsult og Multiconsult, som kommunestyret har bestilt. I tillegg vil fleire pedagogar og hjelpearbeidarar bli fristilt, noko som er svært tiltrengt i andre delar av kommunen. Elevane frå Bjoa og Imsland kan gå rett inn i eksisterande klassar utan at ein treng tilføre ekstra ressursar, og ein kan halde fram i eksisterande bygg.
Det er viktig å ha ein høyringsprosess der elevar, føresette, tilsette og ungdomsråd får uttale seg om forslag til nedlegging av skule og barnehage i bygda.
Kommunedirektøren vil sende ut skriftlege høyringsdokument i etterkant av presentasjonen av budsjettet, med frist for å sende inn sine synspunkt skriftleg fram mot budsjettmøtet i desember. Dette sikrar at alle får moglegheit til å uttrykkje seg, også dei som ikkje kan delta på møte. Det vil ikkje bli lagt opp til folkemøte, då det nyleg har vore ein slik prosess i samband med førre barnehage- og skulebruksplan i 2022.»
Endeleg budsjett blir vedteke politisk av kommunestyret 17. desember.