Sport
50 år sidan storkampane
Ingen fotballag frå Vindafjord eller Etne har vore høgare enn på fjerde nivå i norsk fotball. Hausten 1974 var ein ung gjeng frå Vikedal og Sandeid eit straffespark i Stavanger frå å gå opp til tredje.
Vindafjord Idrettslag var berre åtte år gamalt då dei vann den dåverande 4. divisjon i Sunnhordland Fotballkrets. Nålauga for opprykk var å spela kvalifisering mot vinnarane av dei to 4. divisjonspuljene i Rogaland.
Det blei dei to bylaga Djerv 1919 frå Haugesund og Brodd frå Stavanger som vart motstandarane. Første tapsindikator for Vindafjord var i trekninga. Det var greitt nok å møta favoritten Djerv 1919 heime i Vikedal, for så å møta Brodd på Storhaug i Stavanger, men svært sannsynleg kunne då eit av laga i den siste kampen mellom Brodd og Djerv 1919 allereie vera klar for opprykk.
Dette biletet av delar av 74-laget er frå rundt 1985 får ein oppvisningskamp i Vikedal. Bak f.v.; Magne Inge Vårvik, Per Kro, Toralf Stople, Jon Kristensen, Knut Furseth, Egil Holthe og Tor Helge Selvaag. Framme f.v. Arne Svandal, Ola Bjørnsen, Johannes Ørnes, Magnus Stople, Einar Auestad og Arne Flydal.