Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto FOTO: Ragnhild Kristine Løkken

56-åring frå Sandeid mista livet

Det var Terje Hustvedt (56) frå Sandeid som omkom då han var ute og gjekk tur laurdag kveld.

 

Det var klokka 21.30 laurdag kveld at politiet fekk melding om funn av ein livlaus person i ei mindre elv i Vindafjord. Familie og vener hadde då vore ute og leita etter 56-åringen, då han ikkje kom heim som avtalt etter å ha gått tur med hundane sine. Naudetatane rykte ut, og det blei sendt redningshelikopter mot staden, men mannen vart erklært død før helikopteret kom fram.

Turområde

Den omkomne blei funnen i Grautåbekken, like i nærleiken av eit bustadfelt i Lysenutvegen, om lag ein kilometer sør for Sandeid sentrum. Området er mykje brukt av turgåarar i området. Etter det Grannar har fått opplyst, skal vassføringa i bekken ha vore større enn normalt etter mykje nedbør i området sist veke.

Dødsfall i Vindafjord

Truleg ei ulykke

Hovudhypotesen til politiet er at personen hamna i elva som følgje av ei ulukke.

Politiet har frigjeve namnet i samråd med pårørande.