Over 16.000 kjemikaliar har allereie blitt funne i plast. 25 prosent av desse er farleg for helsa og miljøet. Dei er heller ikkje regulert av global politikk.
– Den globale plastavtalen som blir forhandla denne veka i Sør-Korea er vår beste sjanse til å innføra tiltak mot den globale plastkrisa, seier Kam Sripada, nevrovitar ved NTNU og Unicef-konsulent til Gemini.
Ho er forfattar av ein ny Unicef-rapport som handlar om barn og plast. Dagens barn kan kallast generasjon plast. Dei blir utsette for plast før dei er fødde, og vil vekse opp med plastprodukt og plastavfall gjennom oppveksten.
Andre stader i verda er det kjent at barn heilt ned i 5-års alderen og gravide jobbar med sortering, demontering og gjenvinning av e-avfall. Dette avfallet er laga av 20 prosent plast.
– Barn som jobbar i opne avfallsdeponi og med forbrenning av plastavfall er dei som er mest utsette. Dei treng verda si merksemd og strakstiltak. Plast må ikkje halda fram som eit problem som den rike verda eksporterer til barn i sør, seier Sripada.
Barn absorberer meir plastforureining i forhold til størrelsen sin, samanlikna med vaksne, og kroppen er i dårlegare stand til å kvitta seg med kjemikaliane.
– Betre løysingar for plastavfall – slik at vi unngår opne deponi og forbrenning i nærleiken av der barn bur – må på plass, umiddelbart.
(©NPK)