Klokka 02.26 fekk nødetatane melding om eit smell og syn av flammar i eit køyretøy i Vindafjord.
Det var ein fossilbil som brann, melder Sør-Vest politidistrikt i Politiloggen.
Brannvesenet rykte ut og fekk raskt kontroll på brannen. Det var liten fare for spreiing, opplyser Sør-Vest politidistrikt.
Politiet var seinare på staden for undersøking, og sak er oppretta.