– Eg ser framleis gode motargument, men i dag er ja-argumenta sterkare og nei-argumenta svakare. Eg meiner Noreg i dag er best tent med medlemskap, seier Bondevik til Aftenposten.
Om éi veke er det 30 år sidan Noreg stemde nei til EU, då var den tidlegare statsministeren på neisida. Han seier han tok feil i 1994.
– Ja, på enkelte punkt gjorde eg det. For meg var Maastricht-traktaten, som skulle gjere EU til ein politisk, økonomisk og monetær union med felles utanrikspolitikk, viktig for neiet mitt. Men det slo jo ikkje heilt til. EU taler ikkje alltid med éi stemme i utanrikspolitikken, og mange land har eigen valuta.
Bondevik trekkjer fram eit aggressivt Russland, at Europa må stå meir på eigne bein og klima og miljø som nokre av dei viktigaste årsakene til at han har snudd.
Han foreslår to folkeavstemmingar for å avgjere EU-spørsmålet. Éin om vi skal søkje, og éin om forhandlingsresultat.
Også tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide stadfestar overfor Aftenposten at han er ja-mann. Det går mot partiet som har eit nei-standpunkt. Fungerande leiar Dag-Inge Ulstein seier til avisa at han ville stemt nei.
(©NPK)