Det finst over 450 ulike varianten av bunader rundt om i heile landet. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Det finst over 450 ulike varianten av bunader rundt om i heile landet. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Bunaden oppført på Unescos kulturarv-liste

Den norske bunadstradisjonen har no vorte ført opp på Unescos kulturarv-liste.

– Det internasjonale samfunnet anerkjenner med denne innskrivinga bunadbruk og tekstilhandverk i Noreg som viktig levande kulturarv, som bør sikrast for framtidige generasjonar, seier Ellen Krageberg, direktør i Noregs Husflidslag.

Offisielt er det «bunadbruk i Noreg, tradisjonshandverk og sosial praksis» som blir oppført på Unescos liste over levande kulturarv.

Arbeidet har gått føre seg i sju år og har vore eit samarbeid mellom Noregs Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Dei skreiv søknaden på vegner av den norske staten.

Det er den sjette norske oppføringa på Unescos kulturarv-liste. Frå før står mellom anna svensk-norsk seterkultur, stevkunst, dans og folkemusikk frå Setesdal og den nordiske klinkbåttradisjonen.

Noreg har elles åtte stader oppført på den litt meir kjende verdsarvlista, der mellom anna Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje og Geirangerfjorden er.

(©NPK)