Eigedomsskatten blir fjerna i Stavanger
Eigedomsskatten på bustader og fritidsbustader i Stavanger blir fjerna. Eigedomsskatt frå næringsbygg vil likevel bestå.
Det fekk Frp gjennomslag for i budsjettforhandlingane i Stavanger, melder Stavanger Aftenblad.
– Den siste skatterekninga på bustad og fritidsbustader er betalt. Når du går inn i 2025 er eigedomsskatt på hus og hytter historie, seier Kristoffer Sivertsen i Framstegspartiet (Frp) til NRK.
Eigedomsskatten på næringstomter held fram.