Silje Renée Pedersen, som står bak Miss Molly – no Lille Du Pedersen – steller her hunden Lakris. Verksemda er utvida til også å omfatta netthandel og klesdesign
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Næringsliv
Får fjonga» seg hos Miss Molly
Silje-Renée Weltzin Pedersen har alltid hatt eit nært forhold til dyr, og no har ho starta sin eigen hundefrisørsalong. På Miss Molly i Skjold tilbyr ho klipping, vasking og frisering, og i dag var det hunden Lakris sin tur til å bli fin og fjong.
Skjoldabuen Silje-Renée Weltzin Pedersen, opphavleg frå Etne, bur no i Skjold og driv Miss Molly, ein hundefrisørsalong som ho har bygd opp frå botnen av. I lag med sambuar Brendan Thomas starta det heile med Mr. Max, ein spesialdesigna vaskemaskin for hundar som ho og sambuaren hadde god tru på.
— Me såg at dette kunne vera eit tilbod som mange ville setja pris på, særleg for dei som ikkje har tid eller kapasitet til å vaska hunden grundig sjølv, seier ho.
Mr. Max er ikkje ein vanleg vaskemaskin, det er ein avansert maskin spesialtilpassa hundar, noko som gjer at både eigar og hund sparar mykje tid. På Haugalandet kan ein finna vaskemaskinen vegg i vegg med Jula-butikken på Raglamyr, og til saman har dei per i dag fem slike maskinar fordelt i Noreg. Men Silje-Renée ville gjerne tilby noko meir, og då byrja Miss Molly å ta form i hovudet hennar.