I gymsalen var elevar og føresette samla til både føredrag og foreldresamling i løpet av laurdagen.FOTO: PRIVAT
I gymsalen var elevar og føresette samla til både føredrag og foreldresamling i løpet av laurdagen.
Ida Emilia Pötz var ein av mange elevar som fekk besøk heimefrå på foreldredagen.FOTO: PRIVAT
Ida Emilia Pötz var ein av mange elevar som fekk besøk heimefrå på foreldredagen.

Lesaren melder

Flott foreldrebesøk på Lundeneset

Publisert Sist oppdatert

Foreldre og føresette kan sjølvsagt koma på besøk så ofte dei vil på Lundeneset vidaregåande skule, men på foreldredagen laurdag 2. november fekk dei eit innhaldsrikt program med på kjøpet. I år starta dagen med føredrag ved tidlegare stortingsrepresentant Geir Toskedal. Han delte sine tankar og refleksjonar rundt demokrati og medborgarskap, eitt av dei tverrfaglege temaa i den overordna læreplanen.

På scenen i ein nesten fullsett gymsal, viste Toskedal til visjonen til Lundeneset, som er å danna og utrusta morgondagens samfunnsbyggarar. Vidare gav han dei rundt 450 tilhøyrarane eit historisk tilbakeblikk på nasjonen vår. Han viste med mange døme kor heldige me er som får veksa opp og leva i eit demokrati som Noreg er.

Denne laurdagen tel som ein av dei 190 obligatoriske skuledagane for elevane. Forutan føredrag, var det det klassevise foreldremøte, og samtalar med lærarar for foreldre og elev. I tillegg til dette hadde russen og ungdomsbedriftene ved skulen aktivitetar og utstillingar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS