Partileiar Sylvi Listhaug under Frps landsstyremøte på Quality Hotel Gardermoen. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB / NPK
Partileiar Sylvi Listhaug under Frps landsstyremøte på Quality Hotel Gardermoen. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB / NPK

Frp klart størst på ny måling

Sjølv er ho strålande fornøgd, men tek ikkje sigeren på forskot.

– Frp har beina godt planta på jorda, og det er framleis lenge igjen til valet, seier ho til NTB.

– Men sjølvsagt er det hyggeleg at stadig fleire vil ha Frp-politikk som gir meir fridom gjennom lågare skattar og avgifter, auka tryggleik ved å satse meir på politi og ta i bruk alle gode krefter i helse- og eldreomsorga som får ned helsekøane, seier Listhaug.

Målinga, som er gjort for Nettavisen , viser at Frp og Høgre til saman har 79 mandat. SV går kraftig fram, medan Arbeidarpartiet går tilbake.

Viss målinga blir valresultatet, mistar Senterpartiet 17 av dei 28 representantane sine på Stortinget. Sperregrensa er også trua, ifølgje Nettavisen.

Her er oppslutninga til alle partia (endring frå oktober i parentes):

Frp: 24,2 prosent (+0,8), Høgre: 20,3 prosent (+0,2), Ap 17,7 prosent (-2,5), Raudt 7 prosent (+0,6), SV 8,4 prosent (1,7), Sp 6,2 prosent (-0,7), Venstre 5,1 prosent (+0,1), MDG 4,3 prosent (+0,6), KrF 3,5 prosent (-0,1) INP 1,5 prosent (-0,7).

Målinga er gjort 4. november. Feilmarginen er på mellom 0,8 og 2,8 prosentpoeng. 1124 personar har delteke i undersøkinga.

(©NPK)

isabel.bech@ntb.no

Bilete: yTzp2Od7UVE
Partileiar Sylvi Listhaug under Frps landsstyremøte på Quality Hotel Gardermoen. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB / NPK