Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Gardsarbeid gav kjensle av meistring hos unge

Ungdomsskuleelevar som fekk bruke nokre timar i veka på eit gardsbruk, kjende seg sette og opplevde meistring, viser erfaringar frå Sørlandet.

NPK: Forskar Siv Merete Kjenes Arnesen ved Universitetet i Agder seier til Forskning.no at for fleire av ungdomane som var med på gardsarbeid i skuletida, vart dette avgjerande for både å klare å fullføre skulen og for vegvalet vidare.

Ho har følgt og intervjua 13 elevar i tillegg til fem bønder og 13 skuletilsette frå ulike delar av landet.

Det er fleire årsaker til at ungdomsskulen kan vere utfordrande for fleire. Nokre elevar har sosiale eller emosjonelle vanskar. Andre har problem med konsentrasjonen, låg motivasjon for skulen eller andre utfordringar.

– Det er veldig ulikt kva ungdomane strevar med. Felles for dei er at dei ikkje klarer å utnytte tilbodet på skulen fullt ut. Og ifølgje lærarane trengde dei eit avbrekk, seier Arnesen.

I eit gard-skule-tilbod er elevane delar av eller heile dagar på garden i veka, ofte i eit år eller meir. Resten av veka går dei i vanleg skule.

Opplæringa går føre seg i små grupper og er tilpassa den enkelte eleven sine behov og interesser. Det kan vere dyre- og plantestell, matlaging, skogsarbeid, bygging, sveising, bruk av verktøy og køyring av ulike maskinar og køyretøy.

(©NPK)