Sauebonde Vidar Aastvedt var i fjor fortvila over øydelagde bøar etter at grågåsa har vore på ferde.Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Sauebonde Vidar Aastvedt var i fjor fortvila over øydelagde bøar etter at grågåsa har vore på ferde.

Grågås og avlingstap på dagsorden

I slutten av november skal viltutvalet i Etne kommune diskutera oppstarten av ein forvaltningsplan for grågås. Planen er eit viktig steg for å redusera avlingsskadar på dyrka mark og balansera omsynet til landbruket og den lokale grågåsstamma, som har auka merkbart dei siste åra.

Publisert Sist oppdatert

Grågåsa, ein planteetande kystfugl, skapar aukande utfordringar for bønder i Etne. Arten er kjent for å beita på dyrka mark, spesielt om våren, noko som fører til avlingsskadar og økonomiske tap. Gåsa nappar ofte opp røter, noko som hemmar grasproduksjonen. I tillegg fører gåsemøkk til at avlinga kan få kvalitetsfeil, som til dømes gjæringsproblem i fôr ved hausting. Med ei grågåsstamme som kjem tilbake til dei same områda år etter år, opplever fleire bønder at problemet berre aukar.

I dag er jakttida på grågås regulert frå 10. august til 23. desember. Statsforvaltaren har høve til å forlenga jakttida med opptil 20 dagar før ordinær jaktstart dersom det ligg føre ein lokal forvaltningsplan. Formålet med tidlegare jakt er å redusera skadeomfanget, men slike utvidingar krev planlegging og forskriftsfesta tiltak. Torsdag 28. november skal ein forvaltningsplan opp for viltnemnda i Etne.

Ein oppstart av lokal forskrift

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS