Skakke Arkivfoto
Har fått svar frå Finanstilsynet og Skatteetaten
Etne kommune kunngjorde i dag at Sparebankstiftinga Etne kan gi gåve direkte til Skakke SA utan skattemessige konsekvensar. Dette kom fram etter ei pressemelding frå kommunedirektør Filippo Ballarin, som også har publisert nyheita på kommunen sine heimesider.
Kommunedirektør Filippo Ballarin opplyser fredag at Etne kommune fredag har mottatt ei avklaring om gåva på 30 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Etne til Skakke SA. Her kjem det fram at Sparebankstiftinga Etne kan gi gåve direkte til Skakke SA utan skattemessige konsekvensar.
Kommunen har mottatt avklaringar frå både Finanstilsynet og Skatteetaten, som stadfestar at slike gåver ikkje vil føra til uheldige konsekvensar for stiftinga. Finanstilsynet understrekar at dei ikkje vurderer spesifikke formål for gåver frå stiftingar, mens Skatteetaten har presisert at overføringa til Skakke SA ikkje utløyser skatteplikt for Sparebankstiftinga Etne