MyGame spesialiserer seg på strøyming av ungdoms- og breiddeidrett og har i 2024 dobla talet på abonnentar. Selskapet forventar ytterlegare vekst og trur det innan få år kan betale tilbake 30 millionar kroner til idrettslaga årleg.
– Alle som teiknar abonnement hos oss, kan velje kva klubb dei ønskjer å støtte, og 20 prosent av abonnementsinntektene våre går rett tilbake til desse klubbane. Så langt har vi betalt ut over 2,5 millionar kroner, og vi vil passere 3 millionar allereie før årsslutt, seier Lars Setsaa, administrerande direktør og ansvarleg redaktør i MyGame.
Han fortel vidare at klubbane som har fått dei største utbetalingane, sit igjen med mellom 50.000 og 100.000 kroner.
MyGame har rettar til å strøyme norsk fotball, handball, basketball, volleyball, ishockey og innebandy. Kampane blir filma av fastmonterte, heilautomatiserte sportskamera, og på dei travlaste dagane produserer selskapet over 400 kampar.
Strøymeselskapet fekk i 2022 massiv kritikk fordi plattforma gjorde kampar med barn ned til 13 år tilgjengelege på nett. I januar i fjor vart det innført ei mellombels aldersgrense på 18 år, medan det seinare vart vedteke at strøyming av idrett i aldersklassane frå 15 til 18 år berre skal gjelde arrangement på høgt nivå og med allmenn interesse.
I 2023 hadde MyGame eit underskot på 25,4 millionar kroner, noko Setsaa har forklart med ei stor satsing på ny teknologi.
(©NPK)