Birger Berge viser stolt fram noko av det han skaper. Trøya og pleddet er sjølvsagt både designa og laga av influensaren. Foto: Eli Strand/NPK
Birger Berge viser stolt fram noko av det han skaper. Trøya og pleddet er sjølvsagt både designa og laga av influensaren.

Karsleg med strikking

Det er ikkje lenger noko uvanleg syn å sjå menn ta opp strikketøyet. Tidlegare blei dette sett på som ein feminin syssel, men godt hjelpt av tøffingar som Ryan Gosling og Russell Crowe er dette blitt ein populær hobby også for karane.

Publisert Sist oppdatert

Ein mann som gjerne fortel om den store strikke-lidenskapen sin, er Birger Berge. Han har no over 100.000 følgjarar på Instagram og er kjent som Strikke-Birger». For han er strikketøyet blitt meir enn ein hobby og vi møtte han då han trekte fulle hus under Nynorsk Litteraturdagar i Flåm nyleg. Berge har gitt ut fleire strikkebøker og leikar med tanken om å drive med strikking og formidling av dette handarbeidet på fulltid ein dag.

— Kven veit kva det blir til? Men førebels likar eg å veksle mellom å vere akademikar på fulltid, og bruke fritida mi på strikking. Det er så kjekt å kjenne på at det berre veks ut noko fargerikt og flott mellom hendene mine, og eg får bruke dei kreative evnene mine samstundes som eg kan både prate, sjå tv eller rett og slett tenkje over livet mitt, seier entusiasten.

Frå mobbeoffer til strikke-helt

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS