Sandra Skogen gler seg over at butikken er full av julepynt som minner om hennar eigen barndom. FOTO: SIRI STORESUND HANSSON
Sandra Skogen gler seg over at butikken er full av julepynt som minner om hennar eigen barndom.

Tysvær

Klar for jul

Publisert Sist oppdatert

Det myldra av entusiastiske menneske som ville finna skattar av julepynt til årets feiring. Butikken var full av vakker julepynt – alt frå nissar, englar, julekuler og alt anna ein kan trenga.

Butikksjef Ingunn Moi har jobba i fleire dagar for å gjera butikken klar til opninga, og ho fortel at det sto folk i kø allereie før dørene opna.

— Fleire av dei som sto i køen, er stamkundar hos oss, fortel ho.

Butikken får inn julevarer heile året, og varene kjem ofte i store mengder, så dei har eit eige lager berre for julevarer.

— Folk flyttar frå store hus til mindre leilegheiter og har ikkje plass til alt dei hadde før, så dei donerer det bort, seier Moi.

På opningsdagen har dei hatt full bemanning – to i kassa og to ute i butikken for å hjelpa kundane. Dei forventar at mange vil besøkja butikken i løpet av dagen.

Ein av dei tilsette som har pynta seg litt ekstra til dagens opning, er Birger Håvik. Han fekk beskjed om å ta på seg ei julehatt, og det har han gjort, så det er ikkje lett å oversjå han.

— Me er veldig glade for at så mange kjem inn i butikken, og det er jo bra med gjenbruk. Det er berekraftig, og det andre har hatt glede av før, kan nokon andre få glede av no, seier Moi.

Held på tradisjonane

Ein av kundane som var innom butikken, var Sandra Skogen. Saman med sin nyfødde son tok ho ein kikk på alle varene.

— Finner du noko fint her?

— Ja, eigentleg mykje. Eg var her då me skulle ha dåp for han og fann mykje fint til bordet, fortel ho.

No var ho på jakt etter nokre skattar til jul. Det blir hennar første jul som mamma, noko ho gler seg til.

— Eg elskar jul, og det er så mykje koseleg her. Det er nesten som å gå tilbake i tid, ler ho.

Det er nostalgisk for henne å gå inn i butikken, og ho minnest juletida frå då ho var barn, med tradisjonar og raud pynt. Ho føler at ein ikkje lenger finn same type pynt i vanlege butikkar, og derfor går ho i bruktbutikken.

— Eg ønskjer at sonen min skal veksa opp med den same pynten og tradisjonane som eg vaks opp med, og her finn eg det, seier ho.

Medan mamma Sandra tok seg ein runde i butikken, tok vesle Sebastian seg ein lur iført full juledress og små svarte julesokkar med ein nissekledd pingvin. Ho enda opp med nokre julebøker som ho håpar kan skapa god julestemning for sonen.

Sandra sin sambuar kjem frå Etne, kor ho også har slekt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS