Jan Idar Haugen (Sp) i Vindafjord Sp sikrar fleirtal for nedlegging av skulene i Imsland og på Bjoa.FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Jan Idar Haugen (Sp) i Vindafjord Sp sikrar fleirtal for nedlegging av skulene i Imsland og på Bjoa.

Vindafjord-budsjettet

Legg ned to skular i Vindafjord

Det politiske fleirtalet i Sp, Ap og KrF går inn for å leggje ned skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland i sitt felles budsjett. Avgjerda smertar gruppeleiar Jan Idar Haugen og Sp, men han opplever at kommuneøkonomien ikkje strekk til.

Publisert Sist oppdatert

— Å leggje ned skulen i ei bygd er veldig dramatisk. Det er mykje kjensler i slike saker, og det er ingen tvil om at det er ekstra krevjande for oss i Sp å gå inn for skulenedleggingar, seier gruppeleiar Jan Idar Haugen i Sp.

Saman med Ap og KrF har Sp fleirtal i kommunestyret. Partia inngjekk ein samarbeidsavtale om felles budsjett etter valet i 2023. Nedlegginga av Imsland oppvekstsenter og skuledelen av Bjoa oppvekstsenter var med i kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt budsjettforslag.

Etter vedtak i formannskapet tysdag skal budsjettet for 2025 og økonomiplanen for 2025–2028 ut på høyring. Endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret 17. desember.

Ingen skatteredning

Då skulebruksplanen blei vedteken i 2022, var det berre Ap og Høgre som stemte for å leggje ned skulane i Imsland og Bjoa. Når Sp no har snudd, forklarar Haugen dette med at det ikkje lenger er økonomi til å halde fram med ni skular.

— Me har blitt redda av skatteboom tidlegare, men no skal dei ekstrainntektene til staten. Dermed får me ikkje dei store positive avvika, som har vore på fleire titals millionar i gode år. Dette er den største forskjellen kontra sist debatten var oppe, forklarar Haugen.

Imsland oppvekstsenter (bildet) blir lagt ned.

I det ekstraordinære året 2022 hadde kommunen eit positivt nettodriftsresultat på 57,3 millionar kroner, blant anna grunna meirinntekter i skatt på cirka 25 millionar mot justert budsjett. Vedtaket om det nye inntektssystemet for kommunane i Kommuneproposisjonen 2025 gjer at skatteinntektene til Vindafjord kommune truleg ikkje vil få dei same toppane som tidlegare, men vere meir stabile år for år.

Les alle sakene om Vindaford-budsjettet her: Vindafjord-budsjettet

Haugen trekk også fram at det totale elevtalet i Vindafjord går ned, noko som fører til lågare inntekter frå staten. Han poengterer at det allereie i dag er utfordringar med bemanning i oppvekstsektoren. I tillegg er det venta ei stor utgiftsauke knytt til dei stadig fleire eldre i åra som kjem.

Vil ha medverknad

I behandlinga har Haugen sett at nedleggingane ikkje er populære. Når skulane blir nedlagde meiner gruppeleiaren at det er utruleg viktig med gode prosessar fram til det skjer. Han vil at elevråd, FAU og tilsette skal bli høyrde, involverte og førebudde inn mot neste haust. Dette vil bli ein administrativ prosess, men det vil bli stilt forventingar frå politisk hald. Skulane i Vikedal og Ølensvåg skal også bli førebudde på å ta imot fleire elevar.

Som følgje av nedleggingane vil fleire elevar få lang skuleveg. Skuleskyss blir ein viktig del av prosessen framover, og Haugen ønskjer at politikarane skal bli informerte om dialogen mellom administrasjonen og Kolumbus.

— Etterbruk av lokala på Bjoa og Imsland er utruleg viktig. Me ber om ei sak fram mot neste budsjett, fortel gruppeleiaren.

Det skjer ingen budsjettendringar for bygningane i 2025. Haugen meiner at ein har tid til å sjå på etterbruk av bygningane så vel som tilknytte leikeplassar saman med dei involverte fram mot hausten. Imsland bygdahus får 180.000 i leigeinntekter årleg frå kommunen for at oppvekstsenteret skal få bruke gymsalen. Gruppeleiaren har registrert problemstillinga om at bygdahuset ikkje bør gå med i nedleggingsdragsuget, og seier at det er noko som må diskuterast i ei sak om avbøtande tiltak.

— Me må gjere alt me kan for at desse bygdene skal ha ein grei utvikling, seier Haugen.

— Avhengige av kvarandre

Per i dag meiner Haugen at det ikkje er fleire barnehagar og skular som er i fare, men han understrekar at han ikkje veit korleis framtida blir. Derfor meiner han at det er svært viktig at dei klarer å redusere kostnadar på drift, så vel som å auke inntektene.

— Eg håpar at me kan oppretthalde Vindafjord som ein sterk kommune på Indre Haugalandet som har levande bygder og sentrumsfunksjonar, seier gruppeleiaren.

Han meiner at Ølen og dei mindre bygdene omkring er avhengige av kvarandre for at kommunen skal fungere godt.

Fleirtalskoalisjonen held på kommunedirektøren sitt forslag om å leggje ned bassenget i Ølen frå 2026 i økonomiplanen. Haugen er tydeleg på at dei ikkje legg ned bassenget i budsjettet, og at det skal vere vatn i det neste år også, og at eit nytt budsjett skal vedtakast før det. Han har ikkje tatt stilling til ei eventuell utsetting dersom Ølen IL får fart på sin idé om å bygge eit basseng på idrettsområdet.

Bassenget i Ølen kjem til å ha vatn i 2025 også, er tatt ut av drift frå 2026 i fleirtalet sin økonomiplan.

Satsar på bustadar

Det blir gjort nokre endringar frå kommunedirektøren sitt forslag. Haugen fortel at det er eit eige punkt om bustadutvikling i kommunen som bygger vidare på fjorårets vedtak om ein bustadstrategi.

— Me legg inn fleire millionar til kjøp av einingar i fleirmannsbustadar der det kan vere utløysande for at prosjekt blir realiserte. Dette kan stimulere marknaden og leggje til rette for eldre, forklarar gruppeleiaren.

Kommunedirektøren foreslo å bruke 25 millionar til oppfølging av barnehage- og skulebruksplan med påfølgjande tilstandsrapport, fordelt mellom fem millionar i 2025, 2027 og 2028, og ti millionar i 2026. Haugen opplyser at fleirtalet aukar potten til 45 millionar, med ei auke på fem millionar kvart år.

Startar omstilling i helse

Pengane til skulevedlikehald hentar fleirtalet ved å utsette byggestarten på ein ny sjukeheim. Kommunedirektøren sitt forslag sette av 102 millionar, med to millionar til planlegging i 2025 og oppstart av tiltak i 2027/2028.

— Kommunedirektøren kom med eit forslag me er litt usikre på tidslinja i, seier Haugen.

Fleirtalspartia er einige i forslaget om samlokalisering av sjukeheim og tilrettelegging til omsorgsbustadar med bemanning. Dei held på forslaget om å bruke 1,5 millionar på å igangsette dette. Haugen opplyser at dei har flytta fram ein del investeringar grunna at det kan vere nødvendige ombyggingsbehov, samtidig som det blir jobba med korleis dei skal gjere det med bygging av ny sjukeheim.

— Før me går vidare må me vite at me tar ut potensialet, seier gruppeleiaren.

Per no har han ikkje noko tidsperspektiv på samlinga til ein felles sjukeheim, men han trur det må gjerast over tid og at ein bør i gang med førebuingar kjapt. Fleirtalspartia vil ha ei utgreiing på når det kan bli aktuelt med ein ny sjukeheim. Haugen framhevar at prognosane viser at behovet for tenester i helse og omsorg skal auke veldig utover 2030-talet.

Det er viktig for gruppeleiaren å få fram at ein ikkje berre må tenkje at eldre folk treng plass på sjukeheim. Mange held seg friske og aktive lenge, men treng tilrettelagte bustadar og kanskje litt hjelp i kvardagen. Han meiner kommunen må bruke året på å lage gode planar på korleis dei skal organisere eldreomsorga, både opp mot behov og økonomi. I denne prosessen ønskjer han dialog med organisasjonar for eldre.

Innan nokre år kan Vindafjordtunet bli den einaste sjukeheimen i Vindafjord.
Powered by Labrador CMS