Kommunestyregruppa i til Høgre og Frp i Vindafjord.
FOTO: PRIVAT
Debatt
Me satsar på Vindafjord 2.0»
Kommunestyret vedtek kvar desember budsjett for neste år. Det er her politikarane syner korleis dei vil bruka pengane, til det beste for kommunen. Dette er Høgre og FrP sitt forslag. Det har over lang tid vore peikt på at me står i fleire kriser i kommune-Noreg. Det er mindre pengar, fleire eldre, færre born og det er krevande å få tak i fagfolk. Størst mangel har me på helsepersonell og lærarar. Me kan ikkje halda fram med å gjera ting slik me alltid har gjort».
LES MEIR LOKAL DEBATT HER: DEBATT
I årets budsjett gjer me rede for korleis me vil løysa nokre av utfordringane. Me har, tru det eller ei, over lang tid vore godt vant». Me gløymer for ofte at me har det svært godt i Vindafjord og mykje å vera takksame for. Innbyggarane har høge forventningar til kommunen sin, det er me glade for, men kommunen kan ikkje halda fram med å gjera oppgåvene sine på same vis som før. Vårt framlegg til budsjett er: