Skjermdump av framsida til Den kinesiske nettbutikken Temu. Foto: skjermdump / NTB / NPK
Skjermdump av framsida til Den kinesiske nettbutikken Temu. Foto: skjermdump / NTB / NPK

Nordmenn netthandlar mest i Norden, og Temu er på topp

Nesten alle nordmenn har handla i ein utanlandsk nettbutikk det siste året, og Temu toppar lista av digitale butikkval som nordmenn gjer.

Samanlikna med svenskane handlar nordmenn mykje meir på nett i utanlandske butikkar. Medan 85 prosent av nordmenn seier dei har handla på nett det siste året, seier berre 65 prosent av svenskane det same, ifølgje ei ny undersøking frå Postnord.

Pandemien er ein av grunnane til denne forskjellen i handlevanar, ifølgje Postnord.

– Samfunnet i Noreg stengde heilt ned, og mange vart tvinga til å handle på nett for første gong. Dette har nok endra netthandelsvanane våre. I Sverige var dei fysiske butikkane langt meir tilgjengelege under covid-19, fortel marknadsanalytikar i Postnord, Victoria Ilich.

For nordmenn er kinesiske Temu den mest populære nettbutikken, etterfølgd av europeiske Zalando og amerikanske Amazon. Og vi handlar mykje meir på Temu enn den svenske naboen vår, der Amazon er meir etablert, seier Postnord.

51 prosent oppgir at låge prisar er grunnen til at dei handlar i slike utanlandske nettbutikkar, ifølgje selskapet.

(©NPK)