Ny leiar i næringsforeining
Stian Magelssen (31) er tilsett som dagleg leiar i Fikse Næringsforening. Han flyttar til sambuaren Mari Klokkerstuen Kjellesvik (30) si heimbygd Etne.
— Eg gler meg aller mest til å bli kjend med alle bedriftene og folka som utgjer fellesskapet i Fikse. Sambuaren min er frå Etne, og eg veit kor utruleg imøtekomande, trivelege og driftige etnesbuar og vindafjordingar er. No skal eg bli ein etnesbu sjølv, så eg har mykje å leve opp til, seier Stian Magelssen i ei pressemelding.
Fikse Næringsforening er ein interesseorganisasjon som er eigd av og representerer bedriftene i Etne og Vindafjord, med ei samla omsetning på om lag 25 milliardar kroner og 6.000 arbeidsplassar. Den arbeider for at næringslivet samla sett og bedriftene kvar for seg skal ha best mogleg vilkår for å utvikle seg på ein god måte. På si eiga nettside skriv foreininga at dei gjer dette mellom anna ved å vere talerøyret til næringslivet overfor styresmaktene, bidra til at bedriftene får tak i dyktige tilsette, og gi fagleg påfyll og nettverksmoglegheiter.
Privilegium
Magelssen og Mari Klokkerstuen Kjellesvik bur for tida i Bærum med dottera Liv (1). Dei planlegg å flytte til Etne i løpet av februar. Magelssen startar som dagleg leiar i Fikse Næringsforening 1. mars.
I dag arbeider Magelssen som politisk rådgivar for Norges Lastebileigar-Forbund. Han har ein bachelorgrad i samanliknande politikk og eit årsstudium i internasjonale miljø- og utviklingsstudium.
— Det er eit privilegium å få lov til å bidra til at næringslivet i Etne og Vindafjord får gode rammevilkår for vekst og utvikling, seier Magelssen.
Store sko og fylle
Ei levande bygd er ifølgje Magelssen heilt avhengig av eit mangfaldig og rikt næringsliv. Difor blir det både spanande og utfordrande å arbeide for at Etne og Vindafjord tiltrekkjer seg meir arbeidskraft, og at lokale og nasjonale styresmakter legg til rette for verdiskaping og samfunnsutvikling i ein så viktig og framoverlent region.
— Heldigvis er det enorme mengder kunnskap og ekspertise i alle Fikse sine medlemsbedrifter som me kan bruke til å gjere kvarandre gode, seier Magelssen.
Nils Einar Steinstø var den førre daglege leiaren i Fikse Næringsforening. Han gjekk bort 27. september 2024, 59 år gamal. Magelssen fortel at han dessverre ikkje fekk moglegheita til å møte Steinstø, men han har høyrt mange lovord om kor varm og dyktig forgjengaren var.
— Det blir store sko å fylle, avsluttar Magelssen.