Arkivbilete av ein av dei kvite bussane som for 61 år sidan køyrde til Tyskland for å hente tusenvis av skandinaviske krigsfangar. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Arkivbilete av ein av dei kvite bussane som for 61 år sidan køyrde til Tyskland for å hente tusenvis av skandinaviske krigsfangar. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Oslo-skular droppar turar med Hvite busser

Skular og foreldre i Oslo tolkar gratisprinsippet strengt, noko som fører til at mange ikkje lenger reiser på skuletur med Hvite busser.

Fleire skular som tidlegare reiste til konsentrasjonsleirar i Polen med Hvite busser, gjer det ikkje lenger. Grunngivinga, ifølgje dei skulane Vårt Land har snakka med, er ei streng tolking av det såkalla gratisprinsippet.

– I haust hadde Bøler skule sin siste tur med Hvite busser. Etter dette har skuleleiarane vorte samde om at ein ikkje skal gjere dette meir. Eg synest det er synd at ein har ei så streng tolking av gratisprinsippet, seier FAU-leiar ved Bøler skule, Anna Berntzen, til Vårt Land.

I 2023 vart det bestemt av tidlegare utdanningsbyråd Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) at Oslo-skulane ikkje kunne påleggje foreldre eller elevar å betale for skuleturar, fordi det ikkje var i tråd med gratisprinsippet.

Utdanningsbyråd i Oslo kommune, Julie Remen Midtgarden (H), understrekar at ho er for gratisprinsippet, men meiner likevel at det må vere handlingsrom for skulane til å gjennomføre innsamlingar og dugnader til skuleturar.

No ønskjer Midtgarden at Kunnskapsdepartementet skal rydde opp og komme med tydelegare rettleiing, slik at fleire skular får høve til å arrangere skuleturar.

– Utfordringa er at det berre ligg finansiering frå staten til éin skuletur i løpet av grunnskulen. Utanom dette er det inga finansiering til annan aktivitet innanfor rammene til skulen, og dersom ein ønskjer å gjere litt meir enn dette gjennom ti år, må skulane no ta frå andre budsjettpostar, seier Midtgarden.

(©NPK)