Ekstremvêret Jakob
Passar nøye på vassføringa
Vasstanden i Etneelva har auka kraftig det siste døgnet. Stig vatnet meir kan det vera fare på ferde for Etne Camping.
— Elva er stor nå. Slik som dette er det ikkje ofte. Går det over i svingen vil det gå over heile campingplassen, seier campingplasseigar Gerd Stølås og held eit nøye oppsyn med vassføringa i elva.
I den utsette svingen like ovanfor campingplassen manglar det ikkje mange centimeter før vatnet når opp på vegnivå, og då er det fare på ferde. Men enn så lenge har det gått bra. Også restauranten ser ut til å klara seg også denne gongen, sjølv om vatnet står faretruande høgt inn mot terrassen.
Ved å følgja med på nettsida til Etnelaks kan Stølås til ei kvar tid sjå kor mykje vatn som renn i elva. Elva var på sitt høgaste i morgontimane fredag, men har gått ned litt dei siste timane.