Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Siste: Nødnummera fungerer igjen

SISTE: Ifølgje TV2 fungerer nødnummera igjen. Det melde kanalen cirka klokka 12.45.
—-
Dette var situasjonen tidlegare i dag:
NPK-NTB/Grannar: Politiet er i dialog med Telenor som jobbar med å løyse feilen

– IT-eininga til politiet er på saka og har dialog med Telenor. Det er enno ikkje mogleg å seie noko om kor lang tid før feilen blir retta, seier seksjonssjef Jørn Schjelderup i Politidirektoratet.

Sør-Vest, Oslo, Søraust, Innlandet, Aust, Møre og Romsdal og Finnmark politidistrikt er blant politidistrikta som melder at det er problem med telefonnettet, og dei ber publikum ta kontakt med dei på andre nummer enn 112.

– Det er problem med telefonnettet. Politiet kan prøvast blir nådd på telefonnummer 51899000 inntil vidare, melder Sør-Vest politidistrikt.

Nødnummeret 110 er nede. 110-Sør-Vest opplyser på X at nummeret du må ringe for å kome i kontakt med brannvesenet er 51 91 85 00.

Telenor melde i 10-tida om trøbbel. Det er uklart kor mange som er ramma.

– Vi kan stadfeste at kundar ikkje får ringt frå mobiltelefon. Vi jobbar med feilsøking og for å løyse dette. Kjem snarleg tilbake med ny status, seier Anders Krokan, pressesjef i Telenor, til VG.

Nødetatane i Noreg (brann, politi, og helse) bruker Telenor sitt mobilnettverk for kommunikasjon.

Helsedirektoratet: — Ikkje legg på!

Pressevakt i Helsedirektoratet, Thomas Berg, stadfestar overfro VG at nummera 113 og 116 117, som er legevakta, er nede.

— Det viktigaste frå oss er å seie dette: Når nokon ringjer 113 no, er det stille i andre enden. Då trur mange at det ikkje er kontakt, men ikkje legg på! Oppkopling kan ta alt frå 2 til 40 sekund. Ikkje legg på, hald lina, seier Berg.