Nabil Belbachir, forskingsleiar i NORCE, vil automatisere manuelle prosessar i attvinninga.
Foto: NORCE
Robotar skal finne sjeldne metall i avfallet
Forskarar frå NORCE vil utvikle robotar som kan hente ut sjeldne metall frå avfallet vårt, slik at dei kan brukast om att i nye produkt.
Forskarar frå NORCE vil utvikle robotar som kan hente ut sjeldne metall frå avfallet vårt, slik at dei kan brukast om att i nye produkt.
NORCE viser til at det i gamle mobiltelefonar og utdaterte datamaskinar finst metall som er sjeldne eller dyre å vinne ut, slik som kopar, nikkel og kobolt. Det er stort behov for desse metalla i tilverking av nye elektroniske produkt, skriv dei i ei pressemelding.
NORCE står for Norwegian Research Center, og er eit uavhengig forskingsinstitutt, som driv forsking, utvikling og innovasjon i samarbeid med offentleg og privat sektor.