Vindafjord-budsjettet
Skulenedlegging skapar sinne
At fleirtalet i Vindafjord formannskap gjekk inn for å leggja ned Bjoa skule kjennest svært tungt og urettferdig for mange av innbyggjarane i bygda.
For Leif Klette Steinsland (FAU), som har følgt nedleggingsdebatten med stort engasjement, er vedtaket særs skuffande. Sjølv har han eit barn i første klasse og eit barn i barnehagen og synes det er trist at ungane skal måtte tilbringa store deler av dagen i skulebuss dersom det blir kroken på døra ved Bjoa skule.
Ei anonym spørjeundersøking som FAU sende ut til foreldre, stadfester Steinsland sitt syn. Her var foreldra svært tydelege på at dei ønskte å behalda skulen.
— Eg er forferdeleg skuffa og sint. Me føler oss forrådde av politikarane, og me føler oss lite verdsette. Her har me ein saumlaus overgang frå barnehage til skule, og oppvekstsenteret har mange gode kvalitetar som me nå går glipp av. Me meiner me har ein fantastisk skule, seier Steinsland og håpar politikarane vil endra syn når saka skal endeleg avgjerast i kommunestyremøtet i desember.
Særs skuffa er han over Senterpartiet, som har gått bort frå lovnaden om å bevara skulane i kommunen.
— Sp sa at dei ville bevara skulen for eitt år sidan. Eg håpar politikarane tenkjer seg om, seier han.
Fagleg god skule
Kjetil André Skartland har vore rektor ved skulen sidan 2023 og han har berre gode ord å seia om skulen og dei tilsette. Utfordringa for skulen er bygningsmassen.
— Her på Bjoa har det vore ein god skule med fagleg kompetente tilsette og eit flott uteområde. Utfordringa er eit gamalt bygg, seier Skartland.
Ringverknadar
Skulen på Bjoa er i dag eit samlingspunkt for bygdefolket. Her held 4H, idrettslag og fritidsklubb til, og her møtest både unge og eldre til ulike fritidsaktivitetar. Blir skulen lagt ned, fryktar Steinsland at også mange fritidstilbod vil forsvinna.
— Sentrum i bygda blir tatt bort, og me må køyra ungane til alt. Det er ingen pengar i etterbruksplanen for gymsalen og bygdehuset, og bygda har ikkje moglegheit til å driva huset vidare, seier han.
Ei bygd utan skule, meiner Steinsland, vil òg vera lite attraktiv for folk som vurderer å busetja seg i bygda.
— Det vil vera negativt for tilflytting, og mange av dei som bur her i dag, har uttalt at dei vil flytta frå bygda om skulen blir lagt ned, seier han.
Færre ungar
Talet på ungar i skulealder på Bjoa har gått jamt og trutt ned dei siste åra. Blir elevtalet for lågt, kan dette også ha sine negative sider. Marlen Bødtker er blant dei som meiner det kan vera ugunstig å oppretthalda ein skule der talet på elevar er for lite.
— Eg er ikkje for å leggja ned skulen, men eg er heller ikkje for at det skal vera så få ungar, seier Bødtker, som sjølv har hatt ei jente som elev ved skulen.
— Ho er ferdig på skulen her nå, og ho hadde det veldig fint dei åra ho gjekk her, seier ho.
At nedlegging av skulen vil få negative konsekvensar for framtidig busetjing, er ho likevel ikkje i tvil om.
— Eg trur det kan vera vanskeleg å få tilflyttarar. Følgjene kan bli at folk heller flyttar til stader der ting er lett tilgjengeleg. Me flytta frå Sandnes til Bjoa for å få det landleg, men mange vil nok søkja seg meir sentralt, seier ho.