Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista, t.v.) og Monica Nesheim (Sp) skreiv uttalen som blir sendt til Rogaland fylkeskommune. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista, t.v.) og Monica Nesheim (Sp) skreiv uttalen som blir sendt til Rogaland fylkeskommune.

Tar kampen for båt, miljøgate, tunnel og veg

Publisert Sist oppdatert

Fylkesdirektør Gunn Claire Westad i Rogaland presenterte nyleg sitt forslag til økonomiplan 2025–2028 og årsbudsjett 2025. Der foreslår ho å kutte tilskotet til ferjesambandet Fjelberg–Sydnes–Utbjoa frå 2026, og at Ølensambandet på hurtigbåt skal utgå frå 2025.

Som følgje av forslaget fekk Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) lagt til ei ekstra sak i tysdagens formannskapsmøte. Der las ho opp eit forslag frå ho og Monica Nesheim (Sp), som blei einstemmig vedtatt. Der står det at Vindafjord kommune sender følgjande uttale til Rogaland fylkeskommune med kopi til alle medlemmar i Samferdsleutvalet i Rogaland fylkeskommune:

Vindafjord ser rutetilbodet som svært verdifullt. Eit kutt i tilbodet vil påverke både fastbuande, besøkande, næringsliv og ikkje minst ei betydeleg gruppe studentar og skuleungdom. Formannskapet i Vindafjord ber fylkeskommunen i budsjettbehandlinga om å revurdere forslaget om avvikling av Ølensambandet og avvikling av tilskot til ferjesambandet Fjelberg–Sydnes–Utbjoa.»

I debatten fortalde Klette Steinsland at ho har fått tilbakemeldingar frå næringslivet om viktigheita av ferja for tungtransporten.

Konflikt mellom fylka

Saksbehandlinga starta med at ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) fortalde at han, varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen hadde møte med fylkeskommunen kvelden før. Der blei spørsmåla om ferja og Ølensambandet løfta opp.

— Eg veit ikkje heilt om me skal sei det var eit lystig møte. Me fekk stadfesta at det meste er tatt ut, sa Vierdal.

Han opplyste at fylket meinte rutene i Sunnhordland er dekka av tilskot frå staten. Rogaland fylkeskommune meiner ifølgje Vierdal at det er frekt av Vestland fylke å be om betaling for ein rekning dei allereie har fått betalt. Han understreka at Vindafjord kommune ikkje har fått sjekka om dette stemmer.

Spurt om kommunen sitt handlingsrom etter formannskapsmøtet svara Vierdal at dei ikkje har mykje innverknad i ein kamp mellom fylka.

Tunnel i fare?

Lista med dårlege nyheiter for Vindafjord i fylkesdirektøren sitt forslag held fram på delen om fylkesveg. I forslaget står det at det blir utfordrande å oppretthalde framdriftsplanar grunna auka kostnader, og fleire prosjekt blir utsett i perioden 2025–2032, eller tatt heilt ut. Blant prosjekta som blir tatt ut er Fv46 Solbakken-Kvednavika og Fv46 Vikedal sentrum-Solbakken. I den gjeldande planen for fylkeskommunale investeringar på fylkesveg 2024–2031 er det sett av 81,7 millionar kroner til Fv46 Vikedal sentrum-Solbakken frå 2027 til 2031, og 30,9 millionar til Fv46 Solbakken-Kvednavika frå 2027 til 2030.

På formannskapsmøtet fortalde Vierdal at miljøgata i Sandeid er forskjøve, minst til 2029. Han framheva også Fv46 Solbakken-Kvednavika, med bru og gangsti opp til Kvednavika, kor tunnelinnslaget skal gå. Ordføraren sa at tunnel mellom Sandeid og Vikedal ikkje har lege inne tidlegare heller, og at det ikkje ligg noko forslag om midlar til det i dette forslaget.

— Eg spurte om dette betyr at den aldri kjem, fordi det er for dyrt. Det kan dei ikkje svare på, sa Vierdal.

Tunnelen lever etter Vierdal si oppfatning litt uvist, men han understreka at dei må presse på. Han meiner vegen mellom Sandeid og Vikedal er blant dei dårlegaste med det trafikknivået den har. Øyvind Valen (Ap) trur Vindafjord må lage ei større sak om tunnelen saman med Suldal og Sauda, sidan dette er ei viktig løysing for alle kommunane. Han trur ikkje det ville hatt innverknad å nemne tunnelen i brevet til fylket no.

Liknande utfordringar

Debatten i formannskapet omhandla om ein skulle inkludere fleire punkt i skrivet, noko dei valde å ikkje gjere. Mats Årvik (Frp) omtalte kuttforslaga frå fylket som ei årleg greie. Han støtta forslaget frå Steinsland, sjølv om han ikkje heilt ser realismen i å vinne fram.

Varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) sa at Vindafjord som distriktskommune er sårbar både når det gjeld kollektivtilbod og vegnett. Han framheva viktigheita av å sende eit signal om at dei ikkje skal bli salderte sjølv om det er få reisande.

Ordføraren avslutta med å minne om at kvart parti må jobbe inn mot sine kollegaer på fylkestinget, som gjer endeleg behandling av årsbudsjett og økonomiplan 10. og 11. desember. Etter møtet fortalde han at kuttforslaga kom overraskande på.

— Dette er ikkje positivt for oss. Me treng båtane og vegane, sa Vierdal.

Samtidig skjønner han at fylket har same utfordring som kommunen med å få budsjett til å gå opp framover. Som ein parallell til debatten om kommunen sitt budsjett sa ordføraren at fylket foreslår å kutte der det smertar minst, altså der det er færrast folk, men at det smertar som mest for dei som blir råka.

Varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF, t.v.) og ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) var på eit mindre oppmuntrande møte med fylkeskommunen.
Powered by Labrador CMS