Stavanger universitetssjukehus.
FOTO: SVEIN LUNDE; HELSE STAVANGER
Stavanger universitetssjukehus. FOTO: SVEIN LUNDE; HELSE STAVANGER

To personar innlagde med hjernehinnebetennelse i Stavanger

NPK-NTB: To barnehagetilsette i Strand kommune er innlagde på sjukehuset i Stavanger med hjernehinnebetennelse

Det stadfestar helsesjef Marthe Sirnes i Strand kommune og fastlege Anja de Jong overfor Stavanger Aftenbladet.

Det var Strandbuen som omtalte saka først.

Det er virusvarianten av hjernehinnebetennelse som er påvist, ikkje ein bakteriell infeksjon.

Foreldra i barnehagen der dei to jobbar er informerte om utbrotet. Dei blir bedne om å passe ekstra nøye med på symptom hos barna sine, sjølv om hjernehinnebetennelsen ikkje er direkte smittsam.