I ei undersøking gjort av Opinion kjem det fram at 50 prosent av unge mellom 15–25 år er bekymra for krig og uro i verda, og 27 prosent er bekymra for krig og uro i Noreg. Likevel er det fleire som møter til sesjon no enn før, skriv NRK.
– Vi tenkjer jo sjølvsagt på krig, men samtidig ser eg på eitt år i Forsvaret som ei oppleving, seier Alette Paulsen Groth (17) frå Oppegård.
– Eg vil jo inn i Forsvaret på grunn av personleg utvikling, og ikkje fordi eg vil inn i krig, seier Solemslie.
I løpet av sesjonsdagen blir ungdommane testa både teoretisk og fysisk. Dei er også igjennom ei legeundersøking og eit intervju, der dei snakkar om motivasjon og kvar dei får beskjed om dei kjem inn i Forsvaret eller ikkje.
I undersøkinga, vart ungdommane mellom 15–25 år også spurt om dei trur situasjonen i verda kjem til å forverre seg dei neste ti åra. 51 prosent svarte ja, 11 prosent fleire enn året før.
Sjef for Skøyen sesjonssenter Aleksander Mydland Panic opplever likevel sjeldan at uro i verda er grunnen til at nokon ikkje vil inn i forsvaret. Ifølgje han er ein større grunn at det kolliderer med studiar eller andre planar.
(©NPK)